Hopp til innhold

Kvinne slått til på Nesttun

Politiet rykka seint torsdag kveld ut til Øvsttunvegen på Nesttun, etter melding om at ein 57 år gamal mann skulle ha slått til ei kvinne i ansiktet. – Dei to hadde krangla om pengar i forkant. Den 27 år gamle kvinna blødde frå munnen og hadde truleg nokon lause tenner. Ho var rusa og vart køyrd til legevakta, medan mannen vart sett i varetekt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Dei to involverte, som er kjenningar av politiet, skal ikkje ha nokon relasjon til kvarandre.