Hopp til innhold

– Ho blei halden fast med ei pute over nakken og hovudet

To brør og ein kamerat risikerer inntil 21 år i fengsel for å ha valdteke ei kvinne i Sogndal i fleire timar.

Rudolf Christoffersen

SVÆRT ALVORLEG: Statsadvokat Rudolf Christoffersen har tatt ut tiltale mot tre menn for gruppevaldtekt.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Den svært alvorlege hendinga skal ifølgje tiltalen ha skjedd 6. februar i fjor i eit bustadhus i Sogndal.

Gjennom natta skal kvinna ha blitt misbrukt på det grovaste og skal ikkje ha vore i stand til å gjere motstand.

– Ho har hatt det veldig tungt, seier kvinna sin bistandsadvokat, Robert Fonn.

Dei tre mennene er alle tidleg i 30-åra og av europeisk opphav, men ikkje norske.

Risikerer 21 år i fengsel

Det gjekk fleire veker frå valdtekta skal ha skjedd til den blei meld til politiet. Etter det har politiet i Sogn brukt betydelege ressursar på etterforskinga.

– Ho blei halden fast med ei pute over nakken og hovudet, skriv statsadvokat Rudolf Christoffersen i tiltalen.

Han seier til NRK at påtalemakta ser alvorleg på hendinga og at saka har ei strafferamme på 21 år.

– Det er fordi det er fleire personar som er tiltalt for å ha utført valdtektene i fellesskap.

Sprikande forklaringar

Han vil ikkje seie noko om politiet ser på ein eller fleire av dei to mennene som meir aktive i handlingane enn andre.

– Det er gjeve litt ulike forklaringar opp mot skuldspørsmålet utan at eg ønskjer å gå i nokon detaljar rundt det, seier Christoffersen.

I midten av februar må dei to brørne og kameraten møte i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for gruppevaldtekt.

Dei tre har gjeve svært sprikande forklaringar til politiet og to av dei nektar heilt straffskuld.

– Min klient stiller seg uforståande til tiltalen som er teken ut. Han har ingenting med dei handlingane som tiltalen skildrar, seier advokat Louis Anda.

Fryktar for at han skal rømme

Anda representerer ein av dei to brørne som er tiltala i saka. Politiet fryktar at mannen skal rømme landet og har halde klienten hans varetektsfengsla sidan pågripinga i juni i fjor.

Advokat Stig Nybø er forsvarar for kameraten til dei to brørne. Også han erkjenner at han var i huset, men han nektar for å ha valdteke kvinna.

Advokat Anette Stegegjerdet Norberg representerer den andre tiltalte broren. Ho ynskjer ikkje å kommentere tiltalen før ho har konferert seg med den mannen.