Kvinne sikta for å ha starta brann

Ei kvinne vart onsdag ettermiddag arrestert av politiet, etter at ho skal ha starta ein brann på Bømlo. Ifølgje politiet er kvinna sikta for å ha starta brann med fare for spreiing, og ein bil skal ha fått skader i brannen. Det opplyser operasjonsleiar Jostein Reiestad i Sør-Vest politidistrikt til NRK.