Hopp til innhold

Kvinne (18) alvorlig skada i kollisjon

Køyrde inn i parkert lastebil på E16.

Bjørkhaugtunnelen ulykke

KOLLISJON: Kvinna (18) krasja i ein lastebil som sto parkert i busslomma langs E16.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Klokka 21.15 søndag kveld fekk naudetatane melding om ei alvorleg trafikkulukke på E16 i Arna.

– Ein personbil har køyrt inn i ein parkert lastebil. Ei kvinne skal sitte fastklemt i bilen, sa politiets operasjonsleiar Morten Kronen klokka 21.30.

Lastebilen sto parkert i ei busslomme kring 100 meter frå det sørlege utløpet av tunnelen. Personbilen køyrde i retning Arna.

Kvinna (18) sat fastklemd før hjelpemannskap fekk ho laus.

– Ho er henta ut av bilen, og tatt hand om av helse. Det er store materielle skader, så me blir her ei stund til, seier vaktoperatør Arne Corneliussen ved 110-sentralen klokka 21.45.

– Alvorlege hovudskadar

Personbilen køyrde rett inn i bakenden på den parkerte lastebilen. Eit vitne seier til BA at personbilen ikkje bremsa før samanstøytet.

Det blei utført livreddande førstehjelp på staden, før kvinna blei frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

– Ho skal ha hatt alvorlege hovudskadar, seier politiets operajonsleiar Frode Kolltveit til NRK.

Helse Bergen skriv i ei pressemelding måndag føremiddag at kvinna er alvorleg skadd.

Statens vegvesen sendte ut ulukkesvakt for å granske ulukkestaden, og vegen var stengd for trafikk fram til litt etter midnatt.

– Det er store trafikale problem på staden, men me kan ikkje opne før me har fått rydda opp, sa operasjonsleiar Morten Kronen søndag kveld.

Kollisjon ved Bjørkhaugtunnelen