Hopp til innhold

Kvinne sakna frå folkehøgskule: – Vi har svært lite å gå etter

FØRDE (NRK): Ho blei sist observert utanfor område til skulen rundt 20.30 torsdag. No trur politiet kvinna har reist frivillig.

Leiteaksjon ved Sunnfjord folkehøgskule

LEITEAKSJON: Politiet, Røde Kors og ekvipasjar frå Norske redningshundar leitar framleis etter den 20 år gamle folkehøgskuleeleven i Førde.

Foto: Ina Christin Løseth / NRK

– Vi har fått opplysningar i saka som peikar på at denne kvinna har reist frivillig frå Førde, seier Stine-Mari Vårdal i poltiiet til NRK.

Politiet har avslutta leiteaksjonen, men vil halde fram å etterforske saka.

– Veit de kvar ho er?

– Vi har indikasjonar på kvar kvinne er, men desse opplysningane har vi ikkje fått stadfesta, seier Vårdal.

Politiet har hatt lite opplysningar å gå på under etterforskinga fredag.

Både politi, Røde Kors og ekvipasjar frå Norske redningshundar har leita etter den 20 år gamle folkehøgskuleeleven i Førde.

Kvinna, som er frå Sri Lanka, skulle ha avslutta opphaldet i vår men heimreisa blei utsett på grunn av pandemien.

Politiet fekk melding frå folkehøgskulen 23.40 torsdag om at dei sakna ein elev.

Ber om tips

– Førebels har vi ingen indikasjonar på noko som helst, anna enn at ho skal ha blitt observert berande på ein bag sist ho blei sett. Men dette er førebels veldig uavklart, seier Rebnord.

Politiet seier at dei ikkje har opplysningar som skulle tilseie at kvinna hadde tenkt å reise frå Førde. Dette er noko dei undersøker medan dei framleis held fram med søk i og på skuleområde.

I ei pressemelding skriv politiet at kvinna truleg er ikledd blå sko, rosa bukse, svart jakke og moglegvis ei kvit t-skjorte under jakka. Ho snakkar engelsk, og har ingen anna kjent tilknyting til område anna enn folkehøgskulen.

No ønskjer dei tips dersom nokon kan ha observert ho.

– Kvinna kan ha reist frivillig

– Vi har framleis ikkje gjort noko funn av den sakna kvinna, seier tenestadsleiar Dag Fiske til NRK like før 09.30 fredag.

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord

ETTERFOSKAR: – Politiet har fått indikasjonar på at den sakna kvinna i Førde kan ha reist frivillig, og skal no etterforske dette vidare, seier tenestestadsleiar Dag Fiske.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Leiteaksjonen vert difor trappa ned medan dei etterforskar saka vidare.

– Alt av nærområde og sjølve skuleområde er søkt gjennom fleire gonger, også ved hjelp av hund. Difor går vi no over til å ha meir fokus på etterforsking sidan det er vanskeleg å utvide søket.

Gjennom vitneavhøyr har politiet fått indikasjonar på at kvinna kan ha reist frivillig. Dette er noko politiet skal etterforske vidare.

– Dette er berre ei av fleire hypotesar. Vi må ha fleire vitneavhøyr før vi kan konkretisere dette meir, seier Fiske.

Mellom anna skal dei gå igjennom video- og biletemateriale, sjekke med transportselskap som bussar og flyselskap for å kunne få eit betre utgangspunkt for fleire søk.

Kontakta familien

Politiet har vore i kontakt med kvinna sin familie i heimlandet Sri Lanka, utan at det har kunne gi ytterlegare svar.

Etterforskinga held fram, og politiet har førebels ikkje fått inn meldingar om at kvinna har vorte observert etter at ho forlèt skulen.