Hopp til innhold

Tenåringsjente vart rana med kniv i butikk i Odda

Politiet ber publikum om tips, etter at ein mann knivrana ein butikk i Odda tidlegare laurdag. Væpna politi arresterte mannen som dei meiner sto bak ranet.

Politibil på stedet knivran Odda

RAN: Politiet rykka ut til Safa-butikken i Odda laurdag.

Foto: 03030-tipser

Meldinga om ranet kom inn til politiet klokka 12.30 laurdag føremiddag. Ein tekstilbutikk i Odda sentrum vart rana av ein gjerningsmann med kniv.

På jobb i butikken var ei kvinneleg tilsett under 18 år. Ho vart truga med kniv. Politiet væpna seg og rykte ut til butikken.

Gjerningspersonen hadde forlate butikken, men politiet fekk gode skildringar.

– Fornærma er under 18 år og er naturleg nok oppskaka etter hendinga. Ho klarte likevel å gi oss ei god skildring av gjerningspersonen og lokal politipatrulje fatta mistanke om kven det kunne vera, fortel operasjonsleiar Tatiana Knappen i Vest politidistrikt.

Medvitslaus

Kring ein time seinare arresterte politiet den dei meiner er rett gjerningsmann, ein mann i slutten av 20-åra.

– Han vart arrestert heime hjå seg sjølv. Funn i leilegheita styrkar mistanken om at det er han som står bak ranet, seier Knappen.

Den fornærma kvinna blir no varetatt av helsepersonell og andre butikktilsette.

Ho har ikkje fått skader av kniven ho vart truga med, men skal på eit tidspunkt ha vore medvitslaus.

Ber om tips frå publikum

Midt på dagen laurdag var gågata i Odda full av folk. Laurdag kveld gjekk politiet ut på Twitter og bad folk som kan ha sett noko som kan knytast til ranet om å ta kontakt, anten på 02800 eller på Facebook.

POLITIET ØNSKER TIPS ETTER RAN I ODDA LØRDAG 4. AUGUST CA. KL. 12-12:30

Beskrivelse av gjerningspersonen:
🔸 mann
🔸 ca. 180-185 cm høy
🔸 normal kroppsbygning
🔸 mørkegrå jakke (muligvis med hette)
🔸 blå dongeribukse
🔸 mørk «buff»/hals
🔸 mørk lue
🔸 svarte skinnhansker

En ung kvinne ble truet med kniv og slått bevisstløs under ranet.

Hvis du har sett noe eller noen som kan ha med ranet å gjøre, bes du ta kontakt med oss på privat melding her på Facebook eller ringe 02800.

Hardanger lensmannsdistrikt / Politiet/Facebook

Tok det som var av pengar

– Butikken din er rana. Kor raskt kan du vera der?

Det var meldinga Marie Gravdal fekk då politiet ringde henne midt på dagen laurdag. Gravdal er butikksjef for Safa-butikken i Odda, og var berre to minutt unna.

Safa-butikken i Odda vart rana laurdag.

VART RANA: Safa-butikken i gågata i Odda vart rana laurdag.

Foto: Privat

Då ho kom fram møtte ho ei opprørt, men likevel fatta og relativt roleg ung jente, som akkurat hadde vorten knivrana på jobb.

– Heldigvis var ho fysisk uskadd. Det er det viktigaste, seier ho.

Ranaren tok det som var av kontantar, før han stakk.

– Det er ikkje så viktig med pengane. Det viktigaste er at jenta har det bra, seier Gravdal.

Vil setja inn tiltak

– Jenta, som var på jobb under ranet, får god oppfylging av kommunelegen, seier Gravdal.

No vil ho setja i verk tiltak, slik at dei som arbeider for henne skal kjenna seg trygge på jobb.

– Alle ekstravaktene mine er unge jenter. Dei skal ikkje vera redde for å gå på jobb, seier Gravdal.