Kvinne påkøyrt av buss
Klokka 0808 fekk politiet melding om at ei kvinne var påkøyrt av ein buss på Birkelundstoppen i Bergen.
– Det er ikkje alvorleg personskade. Kvinna får tilsyn av ambulanse på staden, seier operasjonsleiar i politiet, Tom Johannesen. Han fortel at politiet jobbar med å henta inn detaljar om kva som har skjedd.