Hopp til innhold

Kvinne overfallen på Wergeland

Politiet leitar etter gjerningsmannen.

Wergeland

VILLE TA SYKKELEN: Mannen hadde gått til angrep på kvinne, og prøvde å ta sykkelen frå ho.

Foto: Stine Mari Velsvik

Klokka 20.22 fekk politiet melding frå ei kvinne i midten av tjueårene, som hadde blitt overfallen av ein mann ved bybanestoppet på Wergeland.

– Mannen hadde gått til angrep på kvinna. Ho vart kraftig dytta av sykkelen og så forsøkte han å ta sykkelen frå ho. Plutseleg hadde han gått sin veg, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Provoserande

Dei to skal ha hamna i ein diskusjon og så krangel på bybanen.

– Mannen skal ha vore provoserande. Kvinna har då gått av på bybanestoppet på Brann Stadion og sykla nedover bybanelinja. Mannen har gått av på Wergelandstoppet og gått til åtak på ho då ho kom syklande, forklarar Kronen.

– Kjenner dei to kvarandre frå før?

– Det er ingenting som tyder på det, seier Kronen.

Leitar etter mannen

Klokka 22.30 har politiet framleis ikkje fått tak i gjerningsmannen, men politiet er på staden og leitar etter mannen med uniformert politi, sivile spanarar og hundepatrulje.

– Vi ser no gjennom overvakingsbilete frå bybanen for å prøve å identifisere mannen, seier Kronen.

Gjerningsmannen skal vere i 40–50 åra, skalla og kledd i mørke klede.

– Det var ein stor kar som overfalla denne dama brutalt, seier eit vitne på staden til NRK.

Kvinna skal ikkje vere skadd, men er svært prega av hendinga.

Overfall Wergeland

LEITAR: Politiet er på staden og leitar etter mannen.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK