Kvinna var førar av ein firehjuling som skal ha gått kast i kast nedover ein skråning og truffe ei løe fleire meter oppe på veggen.
- Livet stod ikkje til å redde. Kvinna var død då vi kom til staden, opplyser innsatsleiar Lasse Trosdahl hjå lensmannskontoret i Stryn.
100-150 meter
Kvinna var ifølgje politiet ute og køyrde i samband med gardsdrifta då ulukka skjedde i 11.30-tida. Kvinna skal ha køyrt utfor ein veg og gått kast i kast mellom 100 og 150 meter nedover ein bratt skråning.
- Ho har hatt så stor fart at ATV'en har delvis flydd gjennom lufta, truffe bakken på fleire punkt og flydd vidare til ho trefte ein liten låve fleire meter oppe på veggen, opplyser innsatsleiar Lasse Trosdahl hjå lensmannskontoret i Stryn.
Skulle snu
Kvinna skal ha brukt belte under turen. ATV'en er av typen gardstraktor. Det er uvisst kvifor kvinna mista kontrollen på køyretyet.
- Det ser ut som om ho har prøvd å snu oppe i vegen og kome over ein ganske lav støypekant. Korleis dette har skjedd veit vi ikkje, seier Trosdahl.