Hopp til innhold

Kvinne i 30-åra knivstukken i Bergen

Vest politidistrikt melder at det har skjedd ei knivstikking i ei leilegheit på Minde i Bergen. Politiet er i kontakt med den knivstukne, som ikkje verkar å vere livstruande skadd.

Kvinna meldte sjølv frå om hendinga frå ei anna adresse enn der knivstikkinga skal ha skjedd.

Eivind Hellesund i politiet seier at dei jobbar med å få avklart kva som har skjedd, men at det ikkje er fare for andre.

Klokka 09:42 skriv Vest politidistrikt at dei har kontroll på gjerningspersonen. Dette skal vere ein mann på 38 år. Den fornærma kvinna er teken hand om av helse.

Innsatsleiar, Ole Bjørn Sveen, seier at gjerningspersonen er ein kjenning av fornærma. Begge er også kjenningar av politiet.

– Det er ikkje snakk om alvorleg skade. Ho har blitt rispa eller fått knivkontakt på ein arm. Foreløpig blir ho køyrt til legevakta eller Haukeland.

Politiet bar våpen under aksjonen.

Innsatsleiar Ole Bjørn Sveen
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK