Hopp til innhold

Kvinne i 30-åra funnen død på Stord

Det var ei kvinne i 30-åra som vart funnen død på Stord ved 10-tida tysdag.

– Me er i gang med teknisk og taktisk etterforsking på staden, og me jobbar framleis for å finna ut om det har skjedd noko straffbart eller ikkje, seier operasjonsleiar i Sør Vest politidistrikt, Roger Litlatun.

Politiets innsatsleiar på staden, Tore Frøyland-Jensen, seier pårørande er varsla.

– Når me får melding frå AMK om at det er funne ein død person utan at det er heilt soleklart kva vedkomande har døydd av, så kallar me det eit mistenkeleg dødsfall. Då blir det sett i gang etterforsking med dei ressursane som krevst, seier politiadvokat Åshild Lomeland i Sør Vest politidistrikt til NRK.

Ho viser til at det ikkje nødvendigvis har skjedd noko kriminelt. Krimteknikarar vil etter kvart komma til staden frå Haugesund.

dødsfall Stord
Foto: Olav Røli / NRK