Hopp til innhold

Kvinne døydde fordi antibiotikaen ikkje virka

Pasienten døydde 56 timar etter at ho vart innlagd på Haukeland i Bergen. For første gong er eit dødsfall på grunn av antibiotikaresistens dokumentert i Noreg.

Haukeland universitetssykehus

DØYDDE: I kvinne i 40-åra døydde av antibiotikaresistens, 56 timar etter at ho vart innlagd med brannskadar på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: Helse Bergen

Det var i fjor at ei norsk kvinne i 40-åra vart flytta over til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, etter å ha fått omfattande brannskadar under eit opphald i Pakistan.

Kvinna var vaken, medviten og pusta sjølv då ho kom til Brannskadeavdelinga ved Haukeland. 56 timar seinare var ho død.

Hendinga vert skildra i ein fersk artikkel i Tidskrift for Den norske legeforening. For første gong er det i Noreg dokumentert at ein pasient har døydd av antibiotikaresistens på eit sjukehus.

Det var avisa Nordlys som omtala saka først.

Utvikla blodforgifting

Kvinna hadde først vore innlagd på eit sjukehus i Islamabad, før ho 27 dagar etter ulukka vart frakta til Bergen og Haukeland.

Litt over to døgn seinare døyr pasienten etter å ha utvikla blodforgifting.

Legane på Brannskadeavdelinga kjempa forgjeves for å finna ein kombinasjon av antibiotika som kunne ta knekken på dei mange multiresistente bakteriane som vaks på pasienten sine sårflater.

– Verken brei, empirisk antibiotikadekning eller omfattande organunderstøttande tiltak motverka utviklinga, skriv overlege Henning Onarheim og medarbeidarane ved Brannskadeavdelinga i den ferske artikkelen.

Aukande problem

Pasienten hadde uvanleg mange resistente bakteriar på kroppen, noko som gjorde behandlinga krevjande.

Og multiresistente bakteriar har blitt eit stadig større problem ved norske sjukehus, spesielt dei siste 4–5 åra.

– I all hovudsak gjeld dette nordmenn som har skada seg i utlandet, eller blitt eksponert for resistent bakteriar under opphald på sjukehus i utlandet, utdjupar overlege Onarheim ovanfor Nordlys.

Han håpar artikkelen fører til at andre sjukehus i Noreg blir meir merksame på problematikken.

Vil redusera bruken av antibiotika

Statens helsetilsyn vil dei neste åra gjennomføra omfattande tilsyn for å sjå nærare på korleis blodforgiftning blir behandla på norske sjukehus.

– Om du får ei kritisk alvorleg blodforgifting kan det stå om timar frå du får behandling til du anten overlever eller døyr. Er ein i ein situasjon der pasienten har multiresistente bakteriar, kan det ta eit døgn å finna ut kva antibiotikatype som verkar på den aktuelle bakterien, forklarar Arnfinn Sundsfjord, professor i mikrobiologi ved UiT til Nordlys.

– Har pasienten då ikkje fått rett antibiotika i løpet av det første døgnet, så er det ei reel fare for å døy.

Fleire studie syner ei auke i forbruket av antibiotika på norske sjukehus. Samstundes har tannlegar dei siste ti åra skrive ut 50 prosent meir antibiotika.

– I regjeringa sin handlingsplan frå 2015 er ein av intensjonane at bruken av antibiotika skal reduserast med 30 prosent innan 2020. Det er realistisk, skriv overlege Dag Berild ved Oslo universitetssjukehus i ein tilhøyrande leiarartikkel.