Hopp til innhold

Kvinne døydde etter trafikkulukke i Hemsedal

Ei kvinne (18) som vart kritisk skadd i ei trafikkulukke på riksvei 52 i Hemsedal torsdag kveld, døydde natt til fredag av skadene.

Hemsedal

FIRE TIL SJUKEHUS: Ei kvinne (18) er kritisk skadd etter ei trafikkulukke i Hemsdal.

Foto: Steinar Bleken / Steinar Bleken

– Sjukehuset har opplyst til oss at livet dessverre ikkje stod til å redde, seier operasjonsleiar Lars Kristian Evensen i Nordre Buskerud politidistrikt til NTB.

Det var like før 18.30 torsdag kveld politiet i Nordre Buskerud fekk melding frå AMK om ulukka på RV 52. Dei fire ungdomane som ble sendte til sjukehus er frå Bergen, skriv BT.

– Det var totalt fire bilar involvert i ulukka, fortel Ole Kristian Bekkedal ved politiet, til NRK.

Kolliderte med vogntog

Bilen med dei fire ungdomane kolliderte med eit vogntog i motgåande retning. Ulukka skjedde då personbilen dei fire ungdomane sat i truleg fekk sleng, og trefte vogntoget.

Bak vogntoget kom det to personbilar, begge desse kolliderte med vogntoget.

Kvinna vart sendt til Ullevål sjukehus med kritiske skader.

Også ei anna kvinne (18) og ein mann (19) er sendt til Ringerike sjukehus. Dei er begge lettare skadd, og ligg til observasjon på sjukehuset. Den fjerde personen i bilen vart behandla på Hemsedal legevakt.

– Særs glatt

Bekkedal fortel at patruljane som var på staden melde om særs glatte vegar der ulukka skjedde.

– Patruljane som var der seier det var såpeglatt der ulukka skjedde. Me har sendt folk for å strø.

Politiet har gjort ei åstadsundersøking på staden, og vil avhøyre dei involverte så snart det let seg gjere.