Hopp til innhold

Kvinne bomma på hotellet

Politiet måtte natt til søndag ta hand om ei kvinne som tok feil av dei to hotella i Førde.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fekk klokka 03.20 telefon frå nattevakta ved det eine hotellet. Vedkomande kunne fortelje om ei rusa kvinne som låg utanfor hotellet. Ho påstod ganske bombastisk at ho hadde rom på hotellet, noko nattevakta avviste at var tilfelle.

– Det viste seg at kvinna hadde rom på eit anna hotell. Vi sende ut ein patrulje som køyrde henne til rett hotell, opplyser operasjonsleiaren til NRK.

Elles melder politiet om litt småknask i trivselsfylket natt til søndag:

Klokka 23.12 fekk dei melding om støy frå ein ungdomsfest i Gaupne. Då politipatruljen kom fram roa det seg.

Klokka 00:35 vart ein ungdom vist bort frå ein utestad i Selje der eit større selskap var samla. Då vedkomande returnerte til utestaden måtte foreldra til slutt ta hand om han.

Klokka 00:58 vart ei ung, rusa jente henta av foreldra i Øvre Årdal etter at ho hadde vore ufin mot ein politipatrulje.

Klokka 02:18 rykte politiet ut til ei adresse i Måløy sentrum etter melding om høg musikk. Det roa seg når patruljen kom fram.

Klokka 03:29 måtte politiet ta hand om ein rusa ungdom som låg og sov i ei gate i Måløy sentrum. Vedkomande vart køyrt heim til foreldra som politiet ventar at vil ta ein alvorsprat med vedkomande.