Hopp til innhold

Kvinne angripen i eigen heim

Den fornærma som måndag kveld blei skadd med kniv i Fana, er ei kvinne som bur i bustaden. Ho er teken hand om av helsepersonell. Per no er det uklart om skadene er påført med stikk eller risp. Den mistenkte er ein mann. – Me jobbar med å kartlegga relasjonen mellom dei. Det framstår ikkje som at kvinna har livstrugande skader, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.