Kvinne (41) dømt for knivdrap

Ei 41 år gammal kvinne er dømt til 12 års fengsel for drapet på sambuaren i november i fjor.

Knivdrap Møhlenpris

DØMT FOR DRAP: Ei 41 år gammal kvinne er dømt for drapet på sambuaren i november i fjor.

Foto: NRK

Kvinna sin forsvarar seier dommen vil bli anka, skriv BT.no i dag.

– Eg meiner retten har tatt ei korrekt avgjersle, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve til NRK.

Kvinna blei dømt til 12 års fengsel for drapet på sambuaren, men må også betale 400.000 kroner i oppreising til mor og dotter til den drepne 46-åringen.

LES OGSÅ: Ble drapssiktet etter sprikende forklaring

Dømt til 12 års fengsel

Det var i november i fjor at mannen blei funnen med alvorlege knivskadar i ei leilegheit i Storms gate på Møhlenpris i Bergen. Det var kvinna sjølv som melde frå til AMK 4. november i fjor.

Same dag blei mannens sambuar pågripen og sikta for forsettleg drap. Sida då har ho vore varetektsfengsla.

Kvinna sin forsvarar, Rune Valaker bad om full frifinning i retten sist veke.

– Ho er sjølvsagt skuffa over resultatet. Ho tek det tungt, men samstundes har ho under forhandlingane sett at politiet har fått viljen sin på praktisk talt alt. Ho følte ho hadde systemet mot seg, seier Valaker til NRK.

Han er klar på at dommen kjem til å bli anka.

– Me meiner dommen er heilt feil, og det er blitt gjort ei rekkje tildels alvorlege saksbehandlingsfeil.

Han meiner politiet handterte avhøyra av 41-åringen dårleg og tidvis rettsstridig. Mellom anna fordi kvinna i eit av avhøyra ikkje hadde forsvarar til stades.

LES OGSÅ: Ble drapssiktet etter sprikende forklaring