Kvinne (21) til sjukehus etter ulukke

Ei 21 år gamal kvinne blir frakta til sjukehus i helikopter etter ei motorsykkelulukke på E39 i Eid fredag føremiddag.

MC-ulykke i Stigedalen

UTRYKKING: Naudetatane kom raskt til staden etter ei MC-ulykke 300 meter nord for Leivdøla bru i Stigedalen

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ein motorsykkelførar er involvert i ulykka, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange ved Vest politidistrikt Florø.

Meldinga om ulykka kom inn litt etter klokka 10.30. Alle redningsetatane rykte ut og kom raskt til ulukkesstaden.

Klokka 11.07 melder politiet at den 21 år gamle kvinnelege føraren blir sendt til Førde sentralsjukehus i ambulansehelikopter.

Ho var i følgje med ein annan MC-førar då ulukka skjedde. E39 er rydda og opna att.

kart stigedalen

SKADE: Ein person er skadd etter ei trafikkulykke i Stigedalen.