Hopp til innhold

Kvifor vil vi ha mat innpakka i plast og troll frå Kina?

«Lefse innpakka i plast, maskinprodusert kaffi i plastkoppar, suvenirar frå Kina kamuflert som om dei kjem frå Snåsa, Toten eller Stavanger og fabrikkprodusert mat på menyen. Noreg fløymer over av dette. Kvifor finn vi oss i det?»

Troll

LITE LOKALE? Reiselivsjournalisten saknar lokalmaten og lokalt handverk i butikkane som sel og serverer til turistane.

Foto: Odd Roar Lange / The Travel Inspector

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Reiselivsjournalist Odd Roar Lange tek eit kraftig oppgjer med norsk reiselivsnæring på reiselivsnettsida «The Travel Inspector»

– Noreg er verdas beste land for lokalmat og kortreiste opplevingar. Likevel bruker vi ferien til å kjøpe mat og drikke som høyrer heime alle andre stader enn i kroppen din. Og vi kjøper gjenstandar som aldri burde hamna i bagasjen din, skriv Lange i blogginnlegget.

– Berekraftig reiseliv er eit satsingsområde som Noreg brukar fleire tials millionar på i år. Likevel finn vi oss i at det vert selt importerte varer som er påstempla «Hilsen frå Narvik», «Greatings frå Kolvereid» eller «Troll from the Fjords». Sjølv om dei ikkje kjem herifrå, skriv han vidare.

– Lite miljøvenleg

Lange kallar situasjonen trist og uforståeleg. Han ser heller ingen vilje til å endre praksis, verken når det gjeld å tilby kvalitetsmat frå lokale leverandørar eller suvenirar som er laga der dei vert selde – som oftast ved cruiseterminalar, nasjonale turistvegar og hos populære hotell.

Odd Roar Lange

KRITISK: Sommaren nærmar seg, og ifølgje Odd Roar Lange er det snart høgtid for å selje deg det du aldri burde kjøpe.

Foto: The Travel Inspector

– Det er ikkje berekraftig. Det er det som er det største problemet. Vi flyr suvenirar frå Kina til Noreg for å selje dei til kinesiske turistar som flyr dei tilbake til Kina, seier Lange til NRK.

– Gjer det berre for å tene pengar

Han syner det at Noreg absolutt har mange fine produkt å tilby – frå fabrikkar som produserer i Noreg. At desse produsentane ikkje når opp gir han profittjaget skulda for.

– Dei som tener pengar på dette, tener berre endå meir enn før. Dei kan ikkje seie at dei gjer dette fordi det er for dyrt å produsere i Noreg. Dei ønskjer berre å tene meir pengar enn dei har gjort før. No må desse bedriftene ta ein større del av ansvaret for at produksjonen er berekraftig.

Salssjef: – Vi sel lokale produkt

Øyvind Holsen er sals- og marknadsdirektør i Flåm AS. Bedrifta eig blant anna den tradisjonsrike skofabrikken i Aurland og fleire suvenirbutikkar i det som er ei av Noregs største cruisehamner. Overfor NRK seier han at næringa har same interesse som Lange.

Torghandel i Flåm

SUVENIRHANDEL: Dette er synet som møter turistane som kjem i land i Flåm på sommaren.

Illustrasjon: Arne Veum

– Det er denne vegen vi ønskjer å gå, seier han om måla til alle fall si eiga bedrift.

Sjølv viser Holsen til at dei nettopp har opna ny butikk i Flåm der halvparten produkta er designa og produsert i Noreg. Her vert det blant anna selt både smykke frå Voss, glaskunst frå Aurland og saueskinn frå Sogndalsdalen.

– Vi ønskjer å bidra både til lokal verdiskaping og drive berekraftig, seier Holsen.