Hopp til innhold

Kven betalar bjørnejakta?

Bjørnen er daud, men kven betalar?

Bjørnen er skoten
Foto: Steinar Lote / NRK

Les og debatter: Bjørnen er skoten

Nett-tv: Bjørn skutt

Der er stor usikkerheit rundt kva bjørnejakta vil koste og kven som skal betale rekninga. Fellingsleiar Finn Olav Myren veit enno ikkje kven som skal betale rekninga.

Møte fredag

- Vi skal ha eit møte på fredag der vi skal evaluere fellinga og dei tinga som har med økonomi å gjere. Både i forhold til dette fellingsforsøket og i framtida. På det møtet vil kommunane, berørte organisasjonar, Fylkesmannen, Statens Naturoppsyn og rovviltnemnda bli kalla inn, seier fellingsleiar Finn Olav Myren.

Veit ikkje kor mykje

Han vil ikkje seie noko om kor mykje pengar det er snakk om.

- Det er kostnader knytt til organiseringarbeidet, fellingsforsøket generelt sett, hund og ein del køyring. Dette er ting vi har oversikt over og som vi skal gå gjennom på fredag.