Hopp til innhold

Kvart 15. minutt

Frå og med i dag vil Bybanen gå kvart 15. minutt.

Paradis stasjon
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

- Frå og med i dag byrjar Bybanen å gå kvart 15. min. frå klokka 12 til klokka 20 på kvardagane. Og frå neste veke av vil banen gå kvart 15. minutt heile dagen, seier kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer.

Les òg: Billettkaos på Bybanen

Les òg: - Kom dere ut av sporet!

Betre trafikkflyt

Dreyer trur hyppigare avgangar kan vere med å løyse nokon av utfordringane dei har hatt så langt.

- Det er klart at når det er lenge mellom kvar bane, så har bybaneførarane gjerne følt at dei må vente på folk som til dømes står i kø til billettautomatane. Dette har gjeve noko dårlegare trafikkflyt. Men no når det ikkje er så lenge til neste bane blir det lettare, seier Dreyer.

Kø foran Bybanen i Bergen

Skyss vonar fleire vil velje Bybanen når banen går kvart 15. minutt.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Trur fleire vil velje banen

Skyss vonar at fleire no vil velje Bybanen som reisealternativ.

- Det kan godt hende. No treng ein ikkje lenger vere så nøye med å planlegge når ein skal kome til bybanestoppen. Det kan godt hende at det blir meir aktuelt å reise med banen for fleire når den reiser oftare, seier Dreyer.

Ikkje alle vognene er på plass

- Vogn nr 208 kjem til Bergen i dag, men det tar litt tid før denne er klar for å setjast ut i trafikken. Det er vogn nr. 207, som kom til Bergen i slutten av juli, som gjer at me i dag kan auke talet på avgangar.

Kvart 5. minutt

Frå 1. november vil alle 12 vognene vere på plass i byen, og 10 av desse vil vere i drift til ei kvar tid.

- Då vil me ha full frekvens på kvart 5. minutt heile dagen, seier Dreyer.