Kvar tredje kvinne utset å ta livsviktig prøve

FØRDE (NRK): Nærmare ein tredel av kvinner i Noreg har ikkje teke celleprøve av livmorhalsen. – Eg har utsett å ta prøva i eit år, seier Iris (28).

Iris Buset Leirvik

UTSETT PRØVA: – Det er jo ei veldig intim undersøking, seier Iris Buset Leirvik medan ho ventar på å få kome inn til gynekolog på Klinikk Førde. I over eit år har ho utsett å ta livmorhalsprøva.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Om lag ein tredel av kvinnene i landet har ikkje teke livmorhalsprøva som anbefalt, seier fastlege Bente Prytz Mjølstad.

Livmorhalsprøva kan avdekke celleforandringar før det utviklar seg til kreft. Kvinner mellom 25 og 69 år blir oppmoda til å sjekke seg jamleg.

Kva som er årsaka til den låge testdeltakinga er uviss, seier Mjølstad.

Har utsett prøva i eit år

– Når du kjem inn til legen for å ta prøva så har du har eigentleg berre lyst til å forsvinne, seier Iris Buset Leirvik om det å ta livmorhalsprøva.

Spent ventar 28-åringen på å få kome inn til gynekolog på Klinikk Førde. I eit år har ho utsett å ta celleprøva.

Då ho endeleg fekk motet til seg og bestilte time, ønskte ho ikkje å gå til fastlegen sin.

– Det er jo ikkje eit område du ønskjer å dele med kven som helst. Fastlegen min er ein mann, og eg føler det vil vere lettare å gå til ei dame for akkurat dette.

Leirvik trur òg at travel kvardag og lang reiseveg kan påverke testdeltakinga for mange kvinner.

– Det er ikkje sikkert alle har tilgang til kvinneleg fastlege eller gynekolog der dei bur.

Sjølv har ho reist nærmare 25 kilometer med buss for å ta livmorhalsprøva hos gynekolog i Førde.

Ustabile fastlegeordningar

– Vi veit at ein del kvinner er ukomfortable med å gå til gynekologisk undersøking, seier Mjølstad.

I tillegg til å vere fastlege er ho førsteamanuensis i allmennmedisin ved NTNU i Trondheim. Mjølstad er einig med Leirvik i at travel kvardag kan vere blant årsakene til at få sjekkar seg. Samstundes trur ho at dårleg fastlegeordning også spelar ei rolle.

Bente Prytz Mjølstad

TILLIT ER VIKTIG: – Det er viktig å ha tillit til fastlegen og kjenne seg trygg på at undersøkinga vert gjort på ein ordentleg måte, seier Bente Prytz Mjølstad.

Foto: Karl Joergen Marthinsen / Karl Joergen Marthinsen

– Dette er eit problem over heile landet, men særleg har Sogn og Fjordane og Finnmark vore blant dei fylka som har hatt størst utskifting av fastlegar. Det er klart at dette kan auke uvissa blant kvinner.

Finnmark kjem dårlegast ut

– Livmorhalskreft er ein av få krefttypar der ein sjølv kan gjere mykje for å førebygge sjukdom, seier gynekolog og leiar i Livmorhalsprogrammet Ameli Tropé.

Ifølgje Kreftregisteret fekk 355 kvinner livmorhalskreft i 2018. Tropé seier at halvparten av krefttilfella som diagnostiserast i Noreg er blant kvinner som ikkje har sjekka seg som anbefalt.

Tropé seier at kvinner i tidlegare Sogn og Fjordane og Finnmark fylke sjekkar seg i noko mindre grad enn kvinner i resten av landet.

– I løpet av dei siste tre åra har 68,4 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane mellom 25 og 69 år teke prøva, seier ho og held fram:

– Det vil sei at meir enn tre av ti kvinner har ikkje teke prøva som anbefalt

Finnmark kjem dårlegast ut, der berre 66,1 prosent av kvinnene har sjekka seg.

– Må slå svenskane

Men det har vore verre. Dei siste åra har det vore mykje fokus på kampanjar for å få kvinner til å sjekke seg. Det har gitt utslag, seier Tropé.

– Vi ser at testdeltakinga har auka i heile landet. Målet er å kome opp i 80 prosent, noko Sverige er. Og vi må jo greie å slå svenskane i celleprøvetaking, seier ho optimistisk.

Nokre stader i landet er ein ikkje langt unna målet. I Vest Agder har 70,9 prosent av kvinner mellom 25 og 34 år sjekka seg dei siste tre åra. Like framfor ligg Oppland med 71,8 prosent.

– Men vi må jobbe for at kvinnene i Sogn og Fjordane og Finnmark skal ta prøva.

.

Børste og glass for celleprøvetaking

PRØVETAKING: Med denne børsten skrapes det av celler på livmortappen. Etterpå dyppar ein børsten i et glas slik at cellene bevarast fram til undersøking.

Foto: Ina Christin Løvseth / nrk

På grunn av korona oppmodar Folkehelseinstituttet til at ein ventar med legetimar som ikkje hastar. Ønskjer ein likevel å bestille time til celleprøvetaking må ein kontakte sitt lokale fastlegekontor.