Hopp til innhold

Kvar tredje i kommunen manglar fastlege: – Eg kjenner meg utrygg, seier 72-åring

I Noreg står over 100.000 personar utan fastlege. Tillitsvald trur unge legar blir skremde av arbeidsmengda.

 Liv Albertsen

UTAN LEGE: – Eg har hatt fire ulike legar. Det er eigentleg veldig trasig, fordi eg kjenner meg utrygg og veit ikkje om eg blir skikkeleg teken vare på, seier Liv Albertsen som bur i Stryn kommune.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Kvar gong eg har behov for å gå til legen så er det ein ny som ikkje kjenner meg i det heile tatt, fortel 72 år gamle Liv Albertsen.

Ho bur i Stryn og mista fastlegen sin for to år sidan. I kommunen hennar er kvar tredje i denne situasjonen. Pasientane meiner det fører til stor usikkerheit.

– Eg har hatt fire ulike legar. Det er eigentleg veldig trasig, fordi eg kjenner meg utrygg og veit ikkje om eg blir skikkeleg teken vare på, seier ho.

Kommuneoverlegen har forståing for frustrasjonen.

– Vi treng at det blir tatt tak i, slår Markus Solbakken fast.

Ifølgje tal frå SSB er det behov for om lag 3600 fastlegar fram mot 2035. Det betyr om lag 260 nye årleg. Til samanlikning har talet på fastlegar auka med hundre årleg dei siste åra.

110.000 utan fastlege

Kommuneoverlegen i Stryn fryktar at endå fleire på sikt vil miste fastlegen sin. Lange arbeidsdagar gjer at mange sluttar i jobben.

– Her på kontoret har vi folk som jobbar opp mot 80 timar i veka, seier han.

Men Stryn kommune er i godt selskap. Om lag 110.000 nordmenn manglar fastlege, skreiv Samfunnsøkonomisk analyse i mai. Også Bergen har dei same utfordring.

– Tidlegare gjekk dette veldig av seg sjølv, men no er dette blitt eit stort problem, seier Knut-Arne Wensaas som er tillitsvald for fastlegane i Bergen.

Fastlege Knut-Arne Wensaas

– JOBBAR FOR MYKJE: Knut-Arne Wensaas er tillitsvald for fastlegane i Bergen, og meiner fastlegane brukar for mange timar i veka på jobb.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Han trur det er fleire årsaker.

– Det er ei gåte, for det er ein fantastisk jobb. Men det er kanskje eit resultat av at ordninga har vore veldig stemoderleg behandla i mange år, seier han.

Wensaas trekkjer fram samhandlingsreforma frå 2009, som viste at det var behov for 2000 fleire fastlegar. Men det kom aldri på plass.

– Derfor jobbar legane for mykje, og dei unge opplever at det er utrygt å starte i praksis, seier han.

Aukar staben i Stryn

Han meiner at det handlar om pengar til kontor, fleire legar og rettleiarar.

– Etterslepet er på 3 milliardar årleg. Samtidig har regjeringa auka med 400 millionar det siste året, seier Wensaas.

No har Stryn kommune bestemt å auke staben av fastlegar frå ti til tolv. Kommunalsjef Heidi Vederhus har tru på at det vil hjelpe på utfordringane.

– Det vil føre til at ein får ei meir ordna arbeidstid, kortare dagar og ei kortare arbeidsveke, forklarar ho, og legg til at dette kostar for kommunen.

– Men det må til?

– Slik vi ser det no finnast det ikkje andre moglegheiter.

Liv Albertsen håpar dette gjer at ho kan få tilbake fastlegen sin som ho sårt saknar.

– Han står på lista mi, men det blir vel ikkje før eg er hundre år. Han har lang venteliste, smiler ho.