Hopp til innhold

Fartskontrollen skremde Up-patruljen

– Det er rett og slett skremmande, seier Einar Vereide og kollega Kåre Toreid etter fartskontrollen dei i ettermiddag gjennomførte på E39 ved Kusslia i Førde.

UP - politi

ARKIVFOTO: Utrykkingspatruljen i Sunnfjord oppmodar spesielt førarar av større køyretøy om å halde fartsgrensene.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I løpet av dei tre og ein halv timane Up-patruljen målte farten på trafikken i 60-sona, skreiv Einar Vereide og Kåre Toreid ut 15 forenkla førelegg.

Av desse var fem vogntog.

– Det er eigentleg skremmande å sjå at dei ikkje tek meir omsyn til fartsgrensa der. Kusslia er smal, det er null vegskulder og kjem det ein syklist så har han ingen stad å gjere av seg. Og i dag var det faktisk ein heil del syklistar som passerte oss, seier Einar Vereide.

80 km/t

Høgste målte fart i kontrollen var det ein personbil som stod for, 82 km/t. Førarkortet blir beslaglagt ved 86 km/t. Høgste fart blant vogntoga i kveld var 80 km/t.

– Og då er tryggleiksmarginen trekt ifrå, seier Vereide.

Det var mellom klokka 1630 og 20 at Up-patruljen målte farten på trafikken som kom frå Førde i retning Jølster. Her plar det vere mykje trafikk på ettermiddagen, også ein god del vogntog.

Stort farepotensial

Sjølv om dei aller fleste vogntoga held fartsgrensa, har Up-patruljen også tidlegare sett at mange vogntogførarar ikkje held fartsgrensa. Spesielt i Kusslia.

– Ein gong var halvparten vogntog, seier han.

– Det har vist seg at det rett og slett går for fort i 60-sona der. Og vi stoggar mange vogntog i Kusslia, men i dag var det kanskje litt større del enn til vanleg, seier Vereide og legg til at dei ser meir alvorleg på fartsoverskridingar med stort køyretøy.

– Det har eit vesentleg større farepotensial, seier han og lovar at det ikkje er siste gang dei målar farten på trafikken ved Kusslia.