Hopp til innhold

Kvar tredje bergensbil skal bort – men målet er langt unna

Byrådet i Bergen skal redusera biltrafikken med 30 prosent før hausten 2023. Men då må tempoet opp, for på to år har nedgangen vore berre 3,1 prosent.

Trafikk E39 nord for Bergen

SKAL REDUSERAST: I plattforma til Arbeidarpartiet, MDG, KrF og Venstre stod det at biltrafikken i Bergen skulle reduserast med 30 prosent frå 2019 til 2023.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

– Me skal bli den grønaste byen i Noreg og levera ein miljøpolitikk utan sidestykke.

Det sa byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer (Ap), då dei fire byrådspartia Arbeidarpartiet, MDG, KrF og Venstre presenterte sin politiske plattform etter valet hausten 2019.

I plattforma stod det mellom anna at biltrafikken i Bergen skulle reduserast med 30 prosent frå 2019 til 2023.

Men årsrapporten frå Miljøløftet i Bergen syner at biltrafikken berre har gått ned totalt 3,1 prosent i 2018 og 2019.

Dette trass i at det mellom anna er komme fleire bomstasjonar i vestlandshovudstaden.

– Det er betre enn ingenting, men det er milevis unna det nivået me må vera på for å nå byrådet sitt eige mål om 30 prosents nedgang i løpet av bystyreperioden, seier bystyremedlem Jarle Brattespe (SV).

– No må dei snart leggja korta på bordet og visa korleis dei skal nå sine eigne mål, seier Brattespe.

Ber byrådet vera med på miljøframlegga til SV

I byrådsmøtet i april føreslo Bergen SV å fjerna tusen parkeringsplassar i sentrale delar av Bergen. I juni føreslo dei å innføra kollektivfelt på alle vegar med fire felt i byen. Begge delar stemte byrådspartia nei til.

– Anten må byrådet slutta å stemma ned forslaga til SV, eller så må dei koma med eigne forslag til trafikkreduksjonar, seier Brattespe.

Jarle Brattespe, SV

HAR IKKJE TRUA: Bystyremedlem Jarle Brattespe (SV) meiner byrådspartia må leggja korta på bordet.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Byrådet stemte også mot framlegget til SV om å finna ut kva som må til for å redusera biltrafikken med 30 prosent.

Meiner dei held på med begge delar

Bakke seier dei held på med alt dette frå før.

– Me har allereie ein ganske restriktiv parkeringspolitikk i Bergen sentrum. Byrådet er klinkande klare på at det skal vera kollektivfelt på ringveg aust, svarar miljøbyråd Thor Haakon Bakke (MDG).

Men den årlege nedgangen må altså gå fem gongar fortare for at dei skal nå sine eigne mål. Miljøbyråden vil ikkje ta ansvar for at biltrafikken ikkje har gått meir ned enn den har.

– Eg var jo ikkje byråd meir enn eit par månader i 2019. Eg tenkjer at tempoet må opp slik at trafikken blir redusert mykje raskare, seier Bakke.

Han peikar på at byrådet i 2020 har innført krav om færre bilar per bueining, auka parkeringsavgifter og lagt planar om fossilfrie soner i sentrum. Dessutan har det vore ein stor auke i talet på syklande i Bergen i år.

Hårete mål

Bakke seier det er grunn til å tru at biltrafikken i Bergen vil fortsetja å minka.

– Men om det går fort nok, det får me sjå. 30 prosent er eit hårete mål, men det er det som er nødvendig, seier han.

At du kallar det eit hårete mål, er det eit hint om at det ikkje er gjennomførbart?

– Nei, det er det ikkje. Det er eit hårete mål fordi det er stort mål.

– Du seier det er nødvendig, betyr det at du vil garantera at de klarar det på fire år?

– Det er vanskeleg å garantera, men me skal sjølvsagt jobba for det. Eg er spent på korleis årsmeldinga for 2020 kjem til å sjå ut, seier Bakke.