Hopp til innhold

Fjernar badeflåtar etter denne ulukka: – Bra dei vil gjere det tryggare

Friluftsrådet har fått nok av herjing og misbruk. Derfor fjernar dei no fleire av dei mest populære badeflåtane. – Kjipt, men bra for sikkerheita, seier Noah André og Linus.

Badeflåte veltar ved Dulpen

HEILT RUNDT: Denne hendinga i Holmestrand gjorde til at Bergen og omland friluftsråd bestemte seg for å fjerna tre av sine flåtar.

Foto: NRK-Tipsar

Gutane på ni og åtte år kosar seg i varme Tennebekkstjernet i Nipedalen i Bergen. Mykje av tida blir brukt på badeflåta med stupebrett som ligg ute i vatnet, berre ein liten symjetur frå sandstranda.

– Flåta har vore stabil når vi har brukt den. Vi har ikkje vore meir enn tre stykkar på den samtidig, så vi har ikkje vore bekymra. Men det er bra dei vil gjere det tryggare, seier dei.

– Eg har aldri vore redd for at den skal tippa når gutane har vore der ute. Men eg har jo sett ungdomar på den som synest det er gøy å få den til å vippa, seier mamma til Linus, Kristina Fosshagen.

Noah André Bergstrøm Røttingen og Linus Fosshagen i Tennebekkstjernet i Bergen 4. juli

RESPEKT FOR FLÅTEN: Kompisane Noah-André (9) og Linus (8) kosa seg på badeflåten i Tennebekkstjernet i Bergen laurdag. Dei er glade for at friluftsrådet no ser ekstra på sikkerheita rundt flåtane.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Kan bli utsett for drukning

Problemet er velkjend. År etter år blir badebrygger velta, og i juni skjedde det fleire gonger rundt om i landet. No fryktar Bergen og omland friluftsråd (BOF) alvorlege ulukker og får støtte av Redningsselskapet.

– Å velta ein badeflåte kan absolutt vera farleg for alle som er på den eller i nærleiken. Om ein fell frå flåten og slår seg, er ein utsett for drukning, seier seksjonsleiar for fagfelt drukning i Redningsselskapet, Tanja Krangnes.

Det er blant anna badeulukka i Holmestrand 15. juni som har fått BOF til å ta affære. Då velta ei ungdomsgruppe ein flåte ved badeplassen Dulpen i Holmestrand. Heldigvis blei ingen skada.

Kristina Fosshagen

HAR SETT: Kristina Fosshagen, mor til Linus, seier ho har sett ungdomar som synest det er gøy å få badeflåten til å vippa.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Frykta vår er at nokon skal skada seg alvorleg ved ein tilsvarande hending som den ved Holmestrand, seier administrativ leiar i BOF, Dag Setre.

Han seier dei har fått ei rekkje meldingar om tilsvarande herjing og misbruk av deira badeflåter i bergensområdet.

– Det burde vera unødvendig med instruksjonar på korleis ein brukar ein badeflåte, men likevel forsøker folk å kvelva desse flåtane.

Overvakar dei attverande flåtane

No forsvinn badeflåtane i Tennebekkstjernet og på Krohnegården badeplass i Bergen, samt i Mobergsvika rett sør for Osøyro i Bjørnefjorden kommune.

Dei ni attverande badebryggjene som BOF rår over vil vidare bli overvaka og evaluert.

Redningsselskapet ber folk bruka badeflåtane med respekt.

– Vatn er gøy. Men for at det skal bli ei trygg og god oppleving, må alle visa badevett og ta omsyn til kvarandre, seier seksjonsleiar Tanja Krangnes.

Flåten i Holmestrand no er tatt bort, og det er bestemt at stupetårnet skal fjernast slik at det blir vanskelegare å velta han, skriv Jarlsberg Avis.

Dagen etter hendinga der kunne politiet melde om ei liknande hending i Drøbak. Ei flytebrygge vart velta av ein ungdomsgjeng, og fleire fekk overflatiske skadar. 19. juni skjedde det same i Aklandstjenna ved Risør, melder Aust Agder Blad.

Badeflåte held på å velta på Dulpen i Holmestrand.

PRØVDE LENGE: Ungdommane i Holmestrand har fleire gonger forsøkt å velta badeflåten, opplyser augevitne til NRK.

Foto: NRK-Tipsar

Festar i alle hjørner

Langs Oslofjorden er det kommunane sjølv, og ikkje friluftsrådet som gjerne set ut badeflåtar. I Moss har det tidlegare vore velteepisodar, men ikkje dei siste åra.

Kommunen har byrja å festa flåtane med fire fester, eitt i kvart hjørne. Samstundes har også bryggene fått betre flyteevne.

– Me veit ikkje om det er veloppdragne ungar eller betre teknologi som er grunnen til at me ikkje hadde problem med dette i fjor eller i år, seier Jørgen Thorvaldsen, leiar for park, friluft og skjærgård i Moss kommune.