Hopp til innhold

Kvar gong det siglar eit cruiseskip forbi mistar familien internett

Dagleg passerer cruiseskip like utanfor stoveglaset. Like ofte fell internettet ut. Heilt til båten har passert.

kvar gong eit cruiseskip passerer heimen til Ragne Beate og Per Even Larsen forsvinn også nettet

TEK DEKNINGA: Internett stoppar opp når store cruiseskip glir forbi familien Larsen sitt hus. Veldig uvanleg, kvitterer Telenor.

Foto: privat

– No har vi berre begynt å kalle desse stundene for cruiseminutta, seier Ragne Larsen.

Trebarnsmora frå Oppdal i ytre Nordfjord er godt vant med at internettet i heimen er lite å skryte av.

For nokre år sidan monterte Telenor difor ei antenne som gav dei kjappare linjehastigheit.

Litt «rusk og rask» var det rett nok, men stort sett fungerte det fint, fortel Larsen.

Det var Fjordenes Tidende som skreiv om saka først.

– Sjeldne saker

Men då internett etter kvart begynte å dette ut til same tid kvar veke, begynte familien å undre seg. Kunne det vere ei systemoppdatering eller liknande?

– Men etter kvart la vi merke til at kvar gong nettet datt ut, så kom det plutseleg eit cruiseskip fram ute i havet, seier Larsen.

Om lag 20 minutt seinare kom nettet tilbake når skipa hadde passert landemerket Kannesteinen.

Ragne Beate og Per Even Larsen mistar nettet kvar gong eit cruiseskip passerer heimen deira

Ragne og Per Even Larsen synest det går heilt greitt at nettet forsvinn når skipa passerer dei ute i fjorden. – Vi har også ein del dyr her på garden, og dei skit også i om vi har internett, flirer Ragne.

Foto: privat

– Det er nesten ein kuriositet, men eg forstår at dette kan vere litt plagsamt.

Det seier dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen.

Årsaka til det heile er truleg at skipa blokkerer antenna si sikt til basestasjonen.

– Slike saker er ikkje vanlege, seier Amundsen, men han kjenner til ei liknande sak frå Molde.

Også der var det cruiseskip som hindra fri sikt og dermed skapte nett-trøbbel.

For familien i Nordfjord er den beste løysinga å få fiber i bakken.

Dette håper også nordfjordfamilien.

– Vi gler oss til Kinn kommune kjem med fiberkabel til oss i Oppedalen. Då kan vi vere stabilt på nett, seier Larsen.

Øydelegg for dataspel

Trebarnsmora fortel at dei måtte tilkalle ambulanse ein gong, og då sleit dei med å kommuniserer med sjukehuset.

Men utanom dette lever dei greitt med at cruiseskipa avgjer om dei er på nett eller ikkje.

– Vi skal vere så glade her ute at vi får besøk, seier ho.

Men medan foreldra i heimen tek nett-trøbbelet med knusande ro, er ikkje stemninga like god blant dei tre tenåringssønene dersom dei sit og spelar data.

– Då kan dei klage litt, men då kjem dei i alle fall ned og seier hei til foreldra sine. Og så blir det litt klager over internett og cruiseskip, humrar trebarnsmora.

– Like spennande kvar kveld

Særleg på våren og sommaren får familien merke cruisebåtane mest.

Fleire dagar på rad den siste tida har dei passert dagleg ute i fjorden.

– Dei går jo forbi heile tida, seier Larsen.

Ho fortel at mange av skipa som ligg til kai i Måløy passerer også dei. Men ikkje alle gjer det.

Dermed har dei håp om at dei kan sjå på Netflix og spele data utan avbrot.

– Det er like spennande kvar kveld, fortel Ragne Larsen.