Det betyr at kvar femte veljar har førehandsrøysta, syner tal frå Valgdirektoratet. Held denne trenden seg, kjem rekorden på 855 255 førehandsrøyster ved stortingsvalet i 2013 til å ryke.
– Eg veit kva eg skal røyste, og då er det like greitt å bli ferdig med det, seier Per Odd Grevsnes.
Tidleg torsdag er han i kommunehuset i Sogndal for å gjere si borgarplikt, slik nær 1000 av sambygdingane hans alt har gjort. I Sogndal er det så langt kome inn over 200 fleire førehandsrøyster enn ved kommunevalet for to år sidan.
– Eg trur det er lurt å ha bestemt seg i god tid på førehand. Då slepp ein å høyre på alle valløfta. Dei er det ikkje sikkert blir innfridde likevel, ler Grevsnes.
Stor pågang
– Det har vore mange innom kommunehuset, i tillegg har vi vore ute blant anna på Campus i Sogndal, seier Maj Britt Brendstuen, som er valteknisk ansvarleg i Sogndal.
I løpet av to dagar nytta 600 studentar og tilsette høvet til å førehandsrøyste.
– Der er dei fleste av dei som har førehandsrøysta heimehøyrande i andre kommunar, seier Brendstuen.
I tillegg har dei hatt tilbod om førehandsrøysting både på helse- og omsorgssenteret og psykiatrisenteret i kommunen.
– Vi ser at det er viktig å kome seg ut. Til dømes på Campus, der vi har vore dei to siste vala, der har vi sett ein stor auke i førehandsrøystinga, seier Brendstuen.
STOR PÅGANG: Maj Britt Brendstuen er valteknisk ansvarleg i Sogndal
Foto: Sondre Dalaker / NRKHåpar på høg valdeltaking
– Eg håpar mange nyttar røysteretten slik at vi får opp valdeltakinga. Dette er det høve du har til å seie det du meiner, seier Grevsnes.
I heimkommunen til Grevsnes har 16,06 prosent av dei røysteføre gjort som han. Brendstuen, som er valteknisk ansvarleg, har inntrykk av det vert meir og meir populært å røyste før sjølve valdagen.
– Folk ynskjer å gjere dette i rolegare former, dei opplever gjerne at det er kø på sjølve valdagen og vil røyste på førehand. Eg håpar at dette gjer at valdeltakinga aukar, seier Brendstuen.