Kvam opphevar lokale tiltak

Kvam herad opphevar dei lokale smitteverntiltaka frå og med midnatt. Dette vert gjort fordi heradet no opplever å ha oversikt over utbrotet som starta onsdag før påske, opplyser kommunen. Opphevinga inneber at det lokale smittevernregelverket fell bort, og at Kvam går attende til dei nasjonale tiltaka.