Hopp til innhold

Kva skal til for å få ein sunnfjording i tale?

FØRDE (NRK): Dei har rykte på seg for å vere stillferdige og trauste i møte med ukjende folk. Me har vore på gata for å teste ulike taktikkar for å få sunnfjordingar til å prate.

Stolte sunnfjordingar

STOLTE SUNNFJORDINGAR: Ø.v: Helena Solheim, ø.h: Ellrun Enny Aarseth, n.h: Per Arve Ottren, n.h: Simen Hornnes og Torbjørn Indrekvam Horstad.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Og jo, det kan nok stemme at ein stor del av folket i Sunnfjord stadfestar stereotypien. Men kor djupt det sit og om det er mogeleg å bryte teiinga, det har me testa ut.

Som nyleg tilflytt sunnfjording prøvde journalist Kjersti Anderdal Bakken fire ulike taktikkar i håp om kome i tale med lokalbefolkninga.

Taktikk 1: Hels venleg og la dei prate om seg sjølv

Kor farleg kan ein mild, ung kvinnestemme med hallingdialekt vere, tenkte eg. Full av optimisme tok eg turen til Førde sentrum med ein lydopptakar i handa, med håp om å stifte nye kjennskap.

– Hei, eg kjem frå NRK. Kan eg spørje deg korleis den typiske sunnfjordingen er?

Den fyrste mannen eg vender meg til, ser meg kort inn i auga før blikket fell ned på mikrofonen eg har i handa. Responsen er eit mumlande «nei ikkje meg», før han viftar med armane og går med raske steg vekk.

Eg lukkast heldigvis meir med dei fire neste eg treff. Eller det vil seie; dei pratar iallfall til meg, om enn med einstavingsord åtskilt av ei mengde kunstpausar.

Treig, tankefull og tilbakehalden er skildringar som går att. Og det er ikkje tvil om at dei høver godt. Eg skjøner raskt at det ikkje var stemma som var avskrekkande, men heller konseptet «small talk».

Taktikk 2: Start rett på ei samtale

Så kanskje bør ein berre hoppe over den delen av samtala som går ut på å stille høflege spørsmål. Eg peikar meg ut ei middelaldrande kvinne på ein benk. Ho har spreidd rundt seg med rundstykke, ein boks med salat og ei flaske mineralvatn. Pusterommet i arbeidskvardagen blir brått avbrote då eg set meg ved sidan av.

– Fint vêr då! Må vel vera perfekt for ein lunsjpause dette her?

Det tek ikkje lang tid før både salatboks og rundstykke er slengt i veska. Med flaska i handa er ho på veg til å reise seg.

– Skremde eg deg?

Ja, eg synest ikkje dette var noko kjekt, svarar ho med spisse konsonantar.

Taktikk 3: Fortel ein vits

På lager har noko eg mistenker sterkt er det såkalla esset i ermet; ein vits med lokalt innhald!

Eg rekk ikkje seie meir enn hei før dei tre kaffidrikkande pensjonistane ser skarpt på meg.

Ka det e?

– Vil dykk høyre ein vits?

Eg får eit nølande ja. Men på den andre sida av vitsen er skarpe blikk forandra til store glis. Noko samtale vart det derimot ikkje, men eg blir ønskt ein god dag og lukke til i Sunnfjord. Slett ikkje verst!

Taktikk 4: Lokk dei med mat

«Ete fysst» er visst ein tradisjon i Sunnfjord. Alt startar med mat, deretter kjem samtala. Fungerer det slik på gata i Førde også? Med ein boks med freistande, raude druer som lokkemiddel, håpar eg at dette skal få meir enn latter og einstavingsord ut av lokalbefolkninga.

Og jau då. Alle stoppar dei opp og forsyner seg grovt av frukta. Skepsisen til samtale forsvinn saman med druene.

Skal me prata, lyt me no få noko mat fyrst. Og gratis mat kan ein ikkje seie nei til

Eldre dame frå Sunnfjord

Så då kan me slå fast: mat er den beste taktikken. Og når eg etter kort tid står med ein tom drueboks i hendene, er det vel berre å ta turen heim att.

Kvifor er det slik?

– Seige og treige – det kan jo vere fordi dei tenkjer seg om, meiner Fridtjov Urdal.

Frå gata i Førde tek eg turen innom Sunnfjord museum for å prate med ein som visstnok skal vere lokal kulturkjennar. Kanskje han kan fortelje kva som er årsaka til kulturforskjellane i fylket.

Fridtjov Urdal

KULTUREKSPERT: Han er godt kjend med både sunnfjordingar og fordommane som er knytt til dei. Sjølv meiner han at kulturforskjellane er størst mellom kystfolk og innlandsfolk, der sistnemnde er dei trauste og treige. Kystfolket derimot er raskare i snuen, meiner han.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Desse fordommane er jo ting ein har stor glede av. Alle regionar har trong til å seie at vi er noko annleis enn våre grannar, fortel han.

Å skilje mellom sunnfjordingar, nordfjordingar og sogningar, er derimot noko han ikkje vil seie seg einig i. Iallfall ikkje når det er prat om ulike gjersler.

Vil dele fylket i to

– Om det er eit skilje i lynne, så er det mellom havfolk og fjordfolk. Altså skilje mellom aust og vest.

– Kva skil desse då?

– Havfolk er nok snarare i snuen, dei grip sjansen og dagen. Det handlar om livssituasjon. Det dei skal fange fer frå ein – fisken ventar ikkje. Potetene og graset derimot, det gror og reiser ingen stad, svarar Urdal lattermildt.