Hopp til innhold

Kuttforslag provoserer eldrerådet i Selje

Eldrerådsleiar Johan Kroken nyttar berre eitt ord for å skildre kuttlista til Selje-rådmannen: – Horribelt.

Omsorgssenter i Selje

KUTT: Sjukeheimen har 32 plassar, men i jakta på eit budsjett i balanse kan åtte plassar ryke.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kommunen er i økonomisk krise og må kutte for å dekkje inn att dei mellom ti og 15 millionane dei manglar for å få neste års budsjett i balanse.

Situasjonen har tvinga fram eit forslag om å kutte ei avdeling på sjukeheimen. Også skulenedlegging står på trappene.

– Dei signal som dei har sendt ut nokre gonger no, at det er dei eldste og yngste som skal betale for dette, tykkjer eg er heilt fæl altså, seier Johan Kroken, leiar i eldrerådet.

– Eit ille framlegg

Heller ikkje rådmann Åse Elin Hole er glad for å presentere kuttlista der åtte av dagens 32 plassar på sjukeheimen er med.

– Eg tykkjer det er ille, seier ho.

– Er det forsvarleg?

– Det gjenstår å sjå i neste omgang.

– Argumentet held ikkje

Ordførar i Selje, Ottar Nygård, står ovanfor ei tøff kuttliste

TØFFE KUTT: Ordførar Ottar Nygård deler rådmannen sitt syn om at dette er den vanskelegaste situasjonen kommunen har vore oppe i.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Elevrådet ynskjer at politikarane snur og innfører eigedomsskatt på private bygg. Økonomisjefen meiner kommunen kan hente opp mot 2,5 millionar kroner årleg på eigedomsskatt.

– Argumentet med at vi har lova veljarane våre å ikkje innføre eigedomsskatt, held ikkje i denne situasjonen når alt har snudd seg, seier Kroken og legg til:

– Det er vel heller ingen som lova veljarane å leggje ned ei avdeling.

Ingen eigedomsskatt

Politikarane har så langt ikkje ville innføre eigedomsskatt. Anne Lise Drage, som representerer Frp i kommunestyret, seier dei står fast på sitt nei.

– Vi vil legge fram eit forslag på kommunestyret kva vi meiner vi må gjere for å komme i balanse med budsjettet. Eigedomsskatt kjem ikkje Frp til å gå for, seier ho og likevel trur at sjukeheimen vil sleppe kutt.

– Eg kan ikkje forstå at det er nokon politikarar som går inn for å leggje ned ei avdeling på sjukeheimen, avsluttar ho.