Hopp til innhold

Kuttar i psykiatrien

Midt i opptrappingsplanen for psykisk helsevern hentar Helse Førde sparekniven. I dag skal dei bruke den.

Psykiatrisk klinikk i Førde
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi tykkjer det er spesielt at vi opplever sparkekrav i ein periode der det skulle vore opptrapping innan psykisk helsevern. No når opptrappingsperioden er over så kjem sparekrava på oss, seier leiar Hilde Godvik på Førde barne- og ungdomspsykiatiske klinikk (BUP).

Les og: Helse Førde kan få 30 mill. ekstra

Les og: - Harde tider for Helse Førde

Unge får ikkje hjelp

Ho meiner tilsette ved BUP nesten dagleg må ta stilling til korleis dei skal avvise barn som treng hjelp. For sjølv om dei er midt i den nasjonale opptrappingsplanen for psykisk helsevern hjelper det lite når Helse Førde står framfor store innsparingar for å kome i økonomisk balanse. Dette må pasientane ta støyten for, seier Godvik.


- Det er konsekvensen av dette og det er eit paradoks at det er mogleg. Det virkar ikkje som om vi klarer å prioritere born og unge i psykisk helsevern godt nok.

Kuttmøte i dag


Helse Førde skal ha styremøte i dag. I papira for klinikk for psykisk helsevern står det svart på kvitt at dei for å klare å halde budsjettet mellom annan må :
"vente med å tilsette i ledige stillingar og å halde stillingar vakante”.

Det er gjeve melding om at bruk av overtid og ekstrahjelp skal unngåast så langt det ikkje strir mot dei tilsette si tryggleik. Reduksjon på 13 månadsverk, er i seg sjølv eit vesentleg bidrag, skriv Helse Førde.

- Alle vil lide

- Alle vil lide av ein ikkje får tilsett nokon i stillingar som blir ledige. Om det blir ei ledig stilling kan det godt hende at den må stå tom i ein periode for at vi ikkje skal overskride budsjettet vårt, seier direktør for klinikk for psykisk helsevern, Ole Christian Reush.

- Det betyr vel at det blir lenger ventetid for pasientane?

- Det kan det sjølvsagt gjere. På den andre sidan kan vi ikkje bruke pengar vi ikkje har, seier Reush.

Han reknar ikkje med at Helse Førde vil finne pengar slik at born og unge kan få hjelp innanfor dei fristane dei har krav på.