285 stillingar vil bli vekke frå Årdal og 70 frå Høyanger. Dette utgjer 1/4 av arbeidsplassane ved verksemdene. Omstillinga skal vere gjennomført tidleg neste år.
- Skal jobbe meir effektivt
Kutta vart i dag vedteke av styret i Hydro, og skal endeleg godkjennast av i Hydros bedriftsforsamling. Men Jon Harald Nilsen - administrerande direktør i Hydro Aluminium - meiner dei er heilt nødvendige. - I denne industrien konkurrerer vi på global basis, og på våre verk har vi fått ein ugunstig kostnadsutvikling, seier han. - Vi gjer dette for å sikre lønsam drift på dei norske verka i lang tid framover. Ved å innføre betre og meir effektive arbeidsprosessar kan Hydro oppretthalde produksjonen, meiner han.
- På helsa laus
Billy Fredagsvik
Bjørn Furseth, direktør ved Høyanger verk kan i dag ikkje svare på om han klarer å få vekk 70 tilsette. - 70 er eit stort tal, og tida får vise om vi klarar det, seier han.
Hovudtillitsvald i Høyanger - Billy Fredagsvik meiner det vil gå på helsa og tryggleiken laus viss Hydro fjernar så mange der. Det er ein tøff industri der dei tilsette må springe fortare fordi styresmaktene ikkje kan gje ein bra kraftpris til smelteindustrien, seier han.