Hopp til innhold

Kutta opp i ansiktet

Ei 26 år gammal kvinne blei funne med kuttskadar i ansiktet i Sveio torsdag kveld.

Den 36 år gamle eksmannen til kvinna er pågripen, sikta for knivstikkinga.

Han blir truleg framstilt for varetektsfengsling i dag.

Bad om hjelp

- Omlag klokka 21.30 i går fekk politiet ei melding frå ei kvinne i Sveio om at ho hadde blitt oppsøkt av ei utanlandsk kvinne som bad om hjelp, fortel operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politiditrikt, Harald Aase.

Den 26 år gamle kvinna hadde då tydelege skadar i ansiktet som tilseier at ho hadde blitt utsett for vald og mishandling. Ho blei frakta til sjukehus for behandling.

- Me fekk også tilstrekkeleg med opplysningar frå ho som gjorde at me seinare på kvelden kunne pågripa eksmannen hennar heime hjå han, seier Aase.

I avhøyr

Tilstanden til kvinna skal ifølgje politiet vera tilsynelatande bra. Ho er no utskriven frå sjukehus, og er heime hjå seg sjølv.

- Eksmannen er no i avhøyr hjå politiet, og så vidt eg veit er han krevd varetektsfengsla seinare i dag, fortel Aase.

- Har han tilstått knivstikkinga?

- Det er for tidleg å seia noko om det endå.