– Det er ikkje aktuelt å stå over den kampen.
Endre Kupen har vore i fyr og flammar for Florø Fotball i år. Han står med 12 skoringar på 11 kampar for laget som kjempar i toppen av 2. divisjons avdeling 3. Det gjer han til toppscorar i 2. divisjon. Men denne veka har ikkje superspissen vore i normal trening.
– Eg har fått ei belastingsskade i lysken, fortel Kupen.
Men, sidan laurdagens kamp er den siste før 2. divisjon tek sommarferie, så vil han spele seg igjennom den.
– Det er den viktigaste kampen så langt i sesongen.
Rognsø: – Frustrerande
Mannen som avgjer om Kupen spelar eller ikkje, er derimot ikkje like klar på at Kupen kjem til å bidra i kampen mot serieleiar Nest-Sotra.
– Han har ikkje trent heile veka, så det er tvilsamt at han blir klar, seier Rognsø.
Han er oppgitt over at storscoraren no har fått problem med lysken.
– Skadar høyrer med, men vi har hatt kolossalt mykje av det i år. Vi gjer det vi kan for at Kupen skal bli klar, men vi kjem ikkje til å ta nokon risiko. Men avgjerda om han speler tek vi ikkje før laurdag, fortel Florø-trenaren.
Endre Kupen er ikkje den einaste sentrale Florø-spelaren som er usikker til oppgjeret. Luc Jeggo og Oddne Årdal er begge tilbake etter skadeopphald, men playmaker Stefan Aase er det verre med.
– Han pådrog seg ein strekk i låret på trening, og då kan det fort gå fleire veker. Men vi veit ikkje heilt kva det var, vi får sjå kva status er på laurdag, fortel Rognsø.
Tabelltopp ved siger
Viktigheita av laurdagens kamp skal uansett ikkje undervurderast. Nest-Sotra toppar 2. divisjons avdeling 3, to poeng framfor Florø Fotball. Med siger vil altså laget frå kystbyen ta sommarferie på tabelltopp.
– Vi har ikkje hatt fokus på viktigheita av kampen. Spelemessig har vi gjort det bra i år, og derfor reis vi med troa på siger. Så blir spørsmålet om vi er gode nok, seier Rognsø.
Men Endre Kupen er klar. Laget går for siger.
– Vi har vore fantastisk på bortebane i år, og den trenden skal vi fortsette. Vi går alltid for tre poeng, seier Kupen.
Kampen mot Nest-Sotra går på Ågotnes Idrettsanlegg, laurdag klokka 16:00.