Hopp til innhold

Kupen berga Florø sin heimestatistikk på overtid

FLORØ (NRK): Tromsdalen hadde gjort heimeleksa si og nøytraliserte Endre Kupen. I 94 minutt. Så dukka han opp og redda poeng.

Florø-Tromsdalen, fotball, Endre Kupen

JUBEL: Florø-spelarane jubla for overtidsscoringa til Endre Kupen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

På ein dag der ingenting stemte for Florø så dukka Endre Kupen opp og sikra poengdeling, fire minutt på overtid.

– Dei får lov til det, dei heldt meg heile kampen. Eg er passeleg forbanna på at dei får halda på slik, men dommaren ser jo ikkje ein drit. Det er viktig å ikkje tape på heimebane, men eg er nøgd med uavgjort. Men i nokre kampar vert det slik, seier Kupen.

Mohammed Ahmed Jama trudde han hadde scora det avgjerande målet for Tromsdalen, då han var sist på eit frispark dryge kvarteret før slutt. Florø-keeper Nicklas Frenderup var borti ballen, men klarte ikkje å avverja.

– Eit utruleg tullete mål. Nokon seier det var offside, men vi skal få ballen vekk lenge før den når fram til Tromsdalen-spelaren, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Stoppa Kupen

Endre Kupen har vore eit heitt samtaleemne i fotball-Norge dei siste månadane, etter at han har bøtta inn mål i førstedivisjon. 14 mål på 15 kampar står han med til no, og mot Mjøndalen scora han fire mål på ein halvtime.

Tromsdalen-forsvaret var tett som ein vegg og Florø klarte knapt å skape sjansar. Kupen var nærast, men måtte vente til overtida før han fekk nettkjenning.

Då kasta Florø fram alt dei hadde og midtstoppar Runar Hove vart flytta opp som midtspiss. Det skapte trykk i boksen og ein flikk frå Hove til Kupen sørga for utlikning.

– Eg ville ikkje sette opp Runar (Hove) for tidleg for då får ein ofte eit mål i mot, men i dag fungerte det, seier Rognsø.

Eit skår i gleda over eitt poeng for Florø er at både Runar Hove og Peter Aase fekk gule kort og må derfor stå over neste kamp mot Arendal.

Då laga sist møttest i Tromsø var det Tromsdalen som var best, det vart tap 1–0 mot i juni.

Florø sin største sjanse kom etter ein dryg halvtime då Endre Kupen fekk sjansen frå skrått hald, men avslutninga gjekk i nettveggen.

Florø fotball-Tromsdalen, Endre Kupen

NÆRE: Så nær kom Endre Kupen scoring i første omgang, men nettveggen stoppa han.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Den andre kom tidleg i andre omgang, men Endre Kupen og Alioune Ndour fekk sjansen øydelagt av dårleg kommunikasjon. Ballen låg heilt fri i feltet på fem meter, noko både Kupen og Ndour fekk med seg, men begge enda opp med å skyta ballen på likt. Det enda med at begge vart liggande ein kort periode i smerter, men begge kom seg på beina att.

Dårleg pause

Dei siste to vekene har laga i førstedivisjon hatt spelefri, men ting har ikkje gått etter planen for Florø.

– Vi har prøvd å lappe saman folk. Fleire av dei som starta i dag har hatt ei trening på dei siste 14 dagane. Det såg eg att i pasningsspelet, der var vi dårlege, seier Rognsø.

Ein som var usikker før kampen grunna skade var australske Luc Jeggo, men har verka frisk og rask. Og sprang som vanleg rundt som ein turbo.

– Det har gjort oss godt, vi er kanskje det laget som spring mest i serien. Det var godt å få ein liten pause for å få tilbake energien i beina. Vi merka godt at det vart mange lange borteturar, seier Jeggo.

FLORØ (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christer Husa, Vegar Gjermundstad, Runar Hove, Christopher Lindquist – Halvor Utkilen Solheim-Olsen, Luc Jeggo, Peter Aase – Monir Benmoussa, Endre Kupen, Alioune «Badou » Ndour.

Laster innhold, vennligst vent..