Planen er at kunstgrasbana skal varmast opp med fjordvarme, men førebels manglar ei pumpe for å kunne ta ibruk fjordvarmen.
Dessutan er heller ikkje traktoren som skal takast i bruk for å brøyte bana komen på plass. Dette er ei investering som fotballgruppa, kommunen og idrettsparken skal spleise på, men førebels manglar også denne.
Dette går utover fotballutøvarar i alle aldrar. Den veka det låg snø fekk ingen trene skikkeleg fotball. Alle treningstidene innandørs er avbestilt, og kritiske røyster meiner at både varmen og traktoren burde ha vore på plass før vintersesongen.
Anlegget har kosta rundt ni millionar kroner og har utløyst stor dugnadsinnsats og skapt mykje positivt blant både utøvarar, foreldre og leiarar i Eid.
Men når bana ikkje er vinterklar kan eidarane berre håpe at pumpa og traktoren kjem på plass før kulda og vinteren set inn for alvor.