Hopp til innhold

Kunsten å vere aleine – dei beste tipsa frå «Der ingen skulle tru»

Hald på rutinar, plukk opp telefonen og prøv noko nytt. Folk frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» gir sine beste tips til deg som no er meir aleine.

Roger Eidshaug, Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

HALD PÅ RUTINANE: Ta den kaffikoppen om morgonen og ha eit prosjekt du kan halde på med, seier Roger Eidshaug i Ansteinsundet.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg har sete mykje aleine frå romjula og fram til no. Eg såg fram til lysare tider og meir besøk, men så blei jo alt snudd på hovudet, fortel Roger Eidshaug frå det vêrharde Ansteinsundet i Trøndelag.

Ytst i havgapet og inst fjordarmar bur dei. Meir vande enn dei fleste av oss til å takle eit tilvære utan andre nært inn på.

Når mange no må vere meir aleine, har deltakarane frå «NRK-programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» gode råd å gi. Eidshaug har rutinar som eit viktig stikkord.

– Det handlar om å prøve å gjere kvardagen normal utan at den er det. At ein har noko å stå opp til, seier han.

Det kan handle om å ta den kaffien på morgonen, og ha eit prosjekt inne eller ute som du held på med.

– Prøv også å ha eit så tilnærma normalt døgn som mogleg. Eg er oppteken av å ete godt innimellom og bruker litt tid på kjøkkenet når det er lange dagar.

Prøv noko nytt

– Eg har nettopp bakt to brød, det hadde eg god tid til å gjere i dag, fortel Frank Marstokk på telefon frå Skrova fyr.

Det snør denne marsdagen, staden der han og kameraten Reidar Sørensen har valt seg eit stille tilvære. Snart må han ut og måke.

– Bruk tida til å få gjort noko produktivt. Ein har god tid til å jobbe med ting ein kanskje vanlegvis ikkje bruker å gjere, seier Marstokk, som sjølv er musikar og bruker mykje av tida si på det.

Skrova fyr

SKROVA: Frank Marstokk har valt eit roleg tilvære på Skrova fyr.

Foto: NRK

Anledninga kan også vere god til å teste ut noko ein ikkje har gjort før.

– Eg lagar for eksempel kimchi, sylta grønsaker og kål, fortel han.

Ha noko å gjere

– Det kan vere lurt å ha litt å pusle med, litt å tenke på. Ha nokre arbeidsoppgåver, seier Arild Dyrdal, som bur aleine i Dyrdal i Nærøyfjorden.

– Dei som er aleine i karantene no, bør prøve å vere konstruktive og tenkje på «kva kan eg få gjort i dag som eg gjerne skulle gjort?». Rydde på bua eller slikt noko, foreslår han.

Arild Dyrdal, Nærøyfjorden

HA OPPGÅVER: Arild Dyrdal i Nærøyfjorden rår folk til å ha noko å henge fingrane i. Kan du ikkje jobbe eller gå tur – nyt vårdagen frå glaset.

Foto: PRIVAT

– Har ein vanskar med å arbeide eller gå, stå i vindauget og nyt vårdagen.

Bruk telefonen

Dyrdal synest det er viktig å følgje med og halde seg oppdatert om koronaviruset, men også få andre impulsar.

– Eg trur det er viktig å ikkje berre sitje på nett og lese om koronaviruset, og grave seg inn i ein vond sirkel, seier Dyrdal.

Kjenner ein seg engsteleg eller berre har lyst på ein prat – ring venner eller familie.

– Telefon må vere kjekk å bruke, prate med nokon som er i same situasjon. Og helst snakke om ting som har skjedd eller ein håpar skal skje, ikkje nødvendigvis snakke virus.

Tid for refleksjon

For mange har kvardagen fått eit litt saktare tempo. Marstokk meiner det kan vere lurt å strekke oppgåvene ein har no, slik at ein stadig har nye oppgåver å ta fatt på. Alt må ikkje gjerast i dag.

– Ein kan lære å legge vekk ein god del stress, og å vere meir nøktern, seier han.

Han trur også dette for mange kan vere ei anledning til å tenke meir over liva sine.

– Det er viktig å ha eit ankerpunkt, ei livsoppfatning. Dette er kanskje ei tid for å reflektere over slike ting også, seier Marstokk.