Hopp til innhold

Kung fu møter halling i Førde

Spansk flamenco, indisk raga og halling møter kung fu – dette er noko du kan få med deg under årets Førdefestival.

Halling møter kung fu i Frikar dance company

HALLING MØTER KUNG FU: Halling møter kung fu i Frikar dance company si nye framsyning.

Foto: Emile Holba

Med 80 arrangement på fire dagar er Førdefestivalen eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i verda. I dag har festivalen sleppt heile programmet sitt og dei håper på rundt 30 000 besøkjande.

Førdefestivalen sitt tema for 2012 er «Coexistence – sameksistens», der målet er å vise korleis fredeleg samkvem mellom kulturar og folk påverkar musikken.

– Vi fokuserer på musikken, og musikk har ofte utvikla seg i møte mellom folk og kulturar. Vi tykkjer det er eit godt poeng å vise det, ingen kulturar lever i vakum. Det er viktig å vise det positive i kulturmøte, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Hilde Bjørkum

GLER SEG: Festivaldirektør Hilde Bjørkum håper på mykje folk under Førdefestivalen.

Ei av framsyningane festivalen er ekstra spent på, er Frikar dance company: «8». Her møter koreograf Hallgrim Hansegård og tre av dei beste lausdansarar kinesiske kung fu munkar til akrobatikk og rørslekunst. Musikken er nykomponert av Marco Paus.

– Dette er veldig spennande og her har vi store forventningar. Frikar kjem med dei beste dansarane sine. Dei har jobba saman med kinserane utan å kunne språka til kvarandre, heller ikkje engelsk. Dei har jobba utan ord, men har funne fram til god kommunikasjon likevel, seier Bjørkum.

Førdefestivalen blir arrangert 5.–8. juli, og er den 23. festivalen i rekka. Temaartistane på Førdefestivalen kjem frå alle kontinent.

Andre artistar er indiske Anoushka Shankar som er ei av dei store stjernene i internasjonal verdsmusikk.

– Det er fantastisk å få presentere Anoushka Shankar og hennar flotte musikarar i Førde. Ho let ragamusikk og flamenco smelte saman, slik berre ein meister kan. Dette er ein konsert som kjem til å setje spor, seier Bjørkum.