Hopp til innhold

Kunde fekk falsk pengesetel

Denne veka fekk politiet tips om at falske pengar er i omløp i Førde. Tipset kom frå ei kvinne som fekk ein falsk hundrelapp tilbake då ho betalte på ein kafé i Førde. Politiet har ikkje fått tips om andre falske setlar, men vil sjå nærare på saka.

Falsk hundrelapp
Foto: NRK-tipsar