Kulturhus må stenga – får ikkje hjelpa dei treng

KVINNHERAD (NRK): Kulturhus som er drivne som samvirke, slit med å søka om koronamidlar. Halsnøy kulturhus stenger som følge av økonomisk tap.

Tone-Lise Jonassen, Halsnøy kulturhus

TAP: Kulturhuset på Halsnøy har tapt 1,5 millionar på grunn av koronakrisa, ifølge eigne tal. No må dei stenga dørene. – Det er kjempetrist, seier dagleg leiar Tone-Lise Jonassen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Alle arrangement er avlyste på ubestemt tid på kulturhuset på Halsnøy i Kvinnherad.

Festlokalet er tomt og dei tilsette vaskar ned. Håpet er å kunna starta opp med blant anna konsertar, ungdomsklubb og utleige igjen neste år.

– Me har forsøkt å halda fram med arrangement, men økonomien gjer at me ikkje orkar meir, seier styreleiar Wenche Trovik.

Det var Kvinnheringen som først skreiv om saka.

Kan ikkje søka om kompensasjon

I Noreg er rundt 200 små og store kulturhus drivne som samvirke. Ofte er det bygdefolk og lokale organisasjonar som har gått saman på dugnad.

Ifølgje regelverket kan ikkje kulturhus som blir drivne slik, stå oppført i frivilligregisteret.

Dermed kan kulturhusa heller ikkje søka om koronakompensasjon på lik linje med frivillige lag og organisasjonar.

For fleire er dei økonomiske konsekvensane i ferd med å bli store.

Har tapt ein million

Kulturhuset på Halsnøy fungerer som et viktig samlingspunkt for folk i bygda. No har dei tapt 1,5 millionar kroner på grunn av koronakrisa, ifølge eigne tal.

I starten av pandemien fekk dei 40.000 kroner i kompensasjon frå staten for avlyste arrangement.

Det var ikkje nok til å halda aktiviteten gåande.

– Det er kjempetrist, seier dagleg leiar Tone-Lise Jonassen.

Halsnøy samfunnshus

STENGER: Kinosalen er nyoppussa, men ubrukt. Her er dagleg leiar Tone-Lise Jonassen (t.v.) og styreleiar Wenche Trovik. Dei er også mor og dotter.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Også i Stad lengre nord på Vestlandet driv Bryggja kulturhus som samvirke. All aktivitet skjer med hjelp frå frivillige.

– Frå fjoråret og til no har me tapt ca. 100.000 kroner, fortel styreleiar Silje Brobakke Svoren.

Likevel har dei ikkje fått kompensasjon.

– Sidan me er eit samvirke, får me ikkje søkja om koronamidlar som mange andre som står i frivilligheitsregisteret.

– Me blir litt straffa fordi me er eit samvirke, seier styreleiaren.

Forstår ikkje reglane

Berre i Vestland fylke finst det opp mot 30 kulturhus som er drive som samvirke.

Det finst unnatak i regelverket som opnar for å gi kulturhusa økonomisk støtte, men dei gjeld ikkje alle.

Samtidig er reglane så kompliserte at dei frivillige slit med å forstå dei.

På Halsnøy er ei velforeining med i samvirket. Det er difor muleg at dei kan søkja om midlar på vegne av kulturhuset. Det var ikkje styreleiaren kjent med då NRK kom på besøk.

– Det er urimeleg at folk som driv på dugnad skal bli sette til ein slik jobb med å tolka mulege unnatak, meiner rådgivar Christoffer Knagenhjelm i prosjektet «Huset i bygda», som fremjar kulturbygg.

Han har no sendt ei oppmoding til politikarane. Han ber om at kompensasjonsordninga blir endra til å også gjelda samvirkedrivne kulturhus.

– Mulig å søke

Kulturdepartementet vil ikkje la seg intervjua av NRK. I ein e-post skriv statssekretær Gunhild Berge Stang i Kulturdepartementet at samvirke ikkje har registreringsrett i frivilligheitsregisteret.

Ho meiner likevel at regjeringa har teke høgde for dette, og skriv:

«I ordningene hos Kulturdepartementet er det mulig å søke som arrangør av kunst- og kulturarrangementer til allmenheten, som utleier til andre kulturarrangører eller gjennom frivillige organisasjoner som er medeiere av samvirket. Hvis det er slik at man ikke faller inn under noen av disse kategoriene kan det være mulig å søke Næringsdepartementets ordning for næringsdrivende, hvis man primært driver som for eksempel selskapslokale og ellers oppfyller kravene i den ordningen.»

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 04.12.2020
2 178
Siste uke
128
Innlagt
354
Døde