Hopp til innhold

KS lite nøgde med kuttforslag

Kommunane sin interesseorganisasjon KS likar ikkje forslaget om legge ned halvparten av tannklinikkane i fylket.

Tannlege Tor Galaasen i Svelgen

KAN BLI FLYTTA: Tannlege Tor Galaasen på tannklinikken i Svelgen, som er ein av dei 13 det er framlegg om å legge ned.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det ser eg på som svært uheldig, vi kan ikkje godta ei slik utvikling, seier fylkesleiar i KS, Harald Offerdal.

I dag er det 26 tannklinikkar i Sogn og Fjordane, men forslaget frå fylkesdirektøren for tannhelsetenesta i fylket er å halvere dette talet fram mot 2020.

– For det første vil dette gå ut over dei svakaste, born og unge og ikkje minst eldre som har behov for tannlege. For det andre inneber det ei sentralisering av tannlegetenestene som vi ikkje kan akseptere, seier Offerdal.

Tannlegane delte i synet

Medan tannlege Judith Kapstad i Jølster torsdag morgon var svært kritisk til forslaget, er fylkesleiaren i tannlegeforeininga, John Fredrik Svanevik, av ei heilt anna meining.

– På grunnlag av det skal sparast, så er det kanskje rette måten å gjere det på. Legge ned einmannsklinikkar der vi frå før veit at det er vanskeleg å rekruttere, seier Svanevik.

Nyutdanna tannlegar i dag ynskjer ikkje å jobbe åleine, dei ynskjer å kome til erfarne kollegaer og jobba i eit fagmiljø.

John Fredrik Svanevik, leiar i Sogn og Fjordane Tannlegeforening

GOD LØYSING: John Fredrik Svanevik er leiar i Sogn og Fjordane Tannlegeforeining.

Foto: Privat

– Tannlegeyrket er eit yrke der du heile tida må ta raske avgjerder. Er du i tvil eller lurar på noko så er det alltid greitt å ein kollega på nabokontoret som du kan spørje til råds.

Nedlegging av 13 tannklinikkar skal gi innsparingar på 11 millionar kroner til ein slunken fylkesøkonomi. Svanevik ser ikkje nokon annan måte å oppnå like store innsparingar på.

– Nei, dei må spare det på driftsutgifter og husleige og slike ting. Så umiddelbart så ser eg ikkje andre måtar å ta innsparingane på.

Kva hadde vore alternativet?

– Dei kunne sjølvsagt ha kutta på bemanning, hatt færre tannlegesekretærar, tannpleiarar og færre tannlegar, men då hadde du heller ikkje hatt behov for så mange tannklinikkar heller.

Gir ikkje opp kampen

Men i kommunane som no mister tannklinikkane er misnøya stor. Fleire har reagert på at dette skjer midt oppe i ei kommunereform, der nettopp tannhelse er eit tilbod som kan bli overført til kommunane.

– Ei halvering av tannklinikkane kan eg vanskeleg akseptere. I KS vil vi no ta dette opp i våre organ, og så får vi sjå korleis vi skal handtere det, seier Offerdal.

Uroa for eldre pasientar

Mary Jane Varpe og Tor Galaasen

– VERST FOR ELDRE FOLK: Avdelingssjef Mary Jane Varpe meiner eit kutt kan gå ut over eldre pasientar. Her saman med tannlege Tor Galaasen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tannpleiar og avdelingssjef Mary Jane Varpe i Bremanger er uroa for pasientane når 13 av dei 28 tannklinikkane i fylket kan bli lagde ned.

Varpe er tannpleiar og avdelingssjef for tannklinikkane på Hauge og i Svelgen. Begge er blant dei som kan bli lagde ned.

Sjølv om ho er positiv til å arbeide i eit større fagmiljø, er Varpe spesielt uroa for tannhelsa til eldre pasientar.

– Eldre folk kvir seg ofte for å ta ut på reise. Eg har vanskar med å sjå at dei vil få eit like godt tilbod som vi gir dei i dag om dei må reise langt. På gamle folk er det ein del arbeid vi må utføre, og det er ikkje gjort på ein behandlingstime.