Kryssinga av Grønland i rullestol tok ei dramatisk vending

Tord Are Meisterplass måtte plutseleg hentast ut frå den spesielle ekspedisjonen. – Den mest krevjande aksjonen eg har vore med på, seier polfarar og eventyrar Lars Ebbesen.

Tord Are Meisterplass og ekspedisjonsfølgjet.

TO ÅR: Denne gjengen har planlagt ekspedisjonen sidan 2018. Frå venstre står Erlend Vastveit, Snorre Sulheim, Carl Christian Sole Semb, Even Meisterplass og Tord Are Meisterplass. Daniel Volle filmar ekspedisjonen og er bak kamera.

Foto: Privat

Etter ei skiulykke i 2015 vart Tord Are Meisterplass avhengig av rullestol då han knakk nakken.

Saman med broren Even Meisterplass heldt han likevel fast på målet dei alltid hadde hatt saman: Å krysse Grønland på ski.

I sommar blei den store draumen realitet då Tord og fem kompisar la ut på den krevjande ekspedisjonen.

Men turen gjekk ikkje som planlagt.

– Eg var redd og engsteleg då vi ikkje visste kva som var gale, fortel bror Even på telefon frå sjukehuset på Grønland.

Tord Are Meisterplass trenar til grønlandsturen

OPPTRENING: Den aktive utøvaren lét ikkje skaden stoppe draumen. Her frå opptrening til turen i 2019.

Foto: Privat

Håpa til det siste

Etter ulykka i 2015 vart Tord merka for livet. Han har verken kontakt med kjernemuskulatur, beina eller delar av armane. Han kan heller ikkje strekke dei ut. Lungekapasiteten er ein tredel av det som er normalt.

Ekspedisjonen skulle likevel gjennomførast.

Dei hadde ein plan om å bruke 25 dagar, og låg an til å klare det.

Men etter ti dagar, 2500 høgdemeter og halvvegs på ruta skjedde det som gjorde at Tord måtte avbryte.

Even forklarar at dei gjekk åtte økter på femti minutt kvar dag. Under rutinesjekkane etter sjuande økt torsdag førre veke var det noko som ikkje stemte.

Til slutt var det kateteret, som skulle hjelpe Tord med urinering, som førte til stopp

Tord Are Meisterplass.

KJEMPA: Tord måtte gjennom både kulde, smerter og utmatting før han til slutt vart henta ut av isen.

Foto: Privat

Urintrøbbel

– Urinposen var tom, og det var ein knekk på slangen som leiar ned til den. Vi ordna knekken som igjen førte til at blæra fekk ei sjokktømming på rundt 1,5 liter urin, forklarar Even.

Dette kan ha ført til at kateteret skada blæra i løpet av dei tolv neste timane.

– Under tredje etappe fredag vart Tord dårleg, og uklar i talen. Vi sat opp telta og varsla støtteapparatet i Noreg. Tre timar seinare hadde vi både bytta kateter og gitt Tord førebyggande antibiotika, fortel han.

Dei hadde situasjonen under kontroll og trudde turen ville halde fram. Men legen dei hadde kontakt med avgjorde at dei måtte avbryte grunna symptom og vêrmeldingar.

Det blei starten på ei svært krevjande redningsaksjon.

Henta ut i all hast

Lars Ebbesen har vore fagleg støtte i både førebuingane og under turen. Han jobbar i Børge Ousland Polar Exploration.

– Ekspedisjonen så langt gjekk betre enn vi hadde håpa på. Men då Tord vart dårleg var det ikkje anna å gjere enn og evakuere. Det var ei forferdeleg stor skuffing for Tord og kompaniet, seier han.

Tord Are Meisterplass og kompaniet.

ÅTTE ØKTER: Ekspedisjonsfølgjet gjekk åtte økter kvar dag, og låg i rute til å nå målet om å krysse isen på 25 dagar.

Foto: Privat

Og redningsaksjonen vart alt anna enn enkel. Ifølgje Ebbesen er det å hente folk ut frå isen utfordrande i seg sjølv. Det krev både god kunnskap stabilt vêr.

– Dette er ein av dei lengste og vanskelegaste aksjonane eg har vore med på, seier han.

Dei måtte tenke raskt og fly i løpet av eit kort vêrvindauge med greitt vêr.

– Fredag hadde vi ei lita luke og vi handla medan vi kunne. Hadde vi ikkje gjort det og tilstanden hadde forverra seg veit eg ikkje kva som kunne skjedd, seier han.

Av reisefølgjet på seks blei to med Tord tilbake.

– Bror hans Even og kompisen Daniel, som filmar alt vart med. Dei tre andre held fram for å fullføre det Tord har ynskja, seier han.

Dei tre vart henta av redningshelikopter og frakta til Sisimiut, den nest største byen på Grønland. Søndag er dei framleis på sjukehuset.

– Vi har blitt godt tekne hand om. Han har fått behandling og vi håpar å vere heime før helga, seier Even og legg til at der er godt å vere to søsken saman.

Even og Tord Are Meisterplass.

BRØR: Even og Tord Are Meisterplass er no på sjukehus på Grønland etter at dei måtte avbryte ekspedisjonen over isen.

Foto: Privat

Aldri tvil om å gjennomføre

Ebbesen understrekar at han er imponert over kompisane.

– Måten Tord har sydd dette saman på er imponerande. Følgjet har hatt tyngre vekt enn det som er vanleg, og har hatt ein ekstra å passe på. Det er berre å ta av seg hatten, dette er lagarbeid eg sjeldan har sett maken til, seier han.

– Å hoppe av ekspedisjonen var tungt, men vi måtte stole på legane, seier Even

rå sjukehuset har dei no dagleg kontakt med kompisane. Sjølv er brørne usikre på om dei nokon gong vil legge ut på ekspedisjonen igjen.

– Men eventyrlysta vil nok alltid vere der, slår Even fast.

Tord sjølv seier:

– Det er litt vanskeleg å ta stilling til det no, men eventyrlysten kjem alltid til å sitte i meg. Vi gjennomførte den mest krevjande og spennande delen av kryssinga og kom til toppen. Grønlandsisen er det vakraste eg nokon gong har sett, og kjensla av å vere der var noko eige.

Tord Are Meisterplass
Foto: Vegard Byrkjeland Aasen / Verimedia