Kronprinsen snakka varmt om grøn skule

Då kronprinsen kom til Fjærland i Sogndal tok han seg tid til å snakka om klima og miljø med ungdommane.

Kronprisen i Fjærdalen

SNAKKA OM MILJØ: Då Kronprinsen møtte elevar og lærar ved Frida vgs. under jubileumsturen til Bremuseet i Fjærland, snakka dei om klima og miljø.

Foto: Christian Blom / NRK

Kronprins Haakon deltok fredag på 25-års jubileum ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland.

Eirik Hovstad og Rose Øvretveit frå Firda vidaregåande skule fekk møte kronprinsen for å snakke om skulens engasjement for klima og miljø. Det synest dei var særs inspirerande.

– Det er vår framtid og det er vi som blir utdanna og får desse jobbane der det blir eit viktig tema, seier Øvretveit.

Ho fekk sitte ved sidan av Kronprinsen då dei åt lunsj i løpet av besøket.

Fekk møte prinsen

Då kronprinsen kom til museet i Fjærland, blei han mottatt med blomar frå Maren Mundal Skjelten (4). Ho så veldig fram til møtet med prinsen, og hadde øvd på å gje blomane på førehand.

Sjå biletar frå besøket her.

– Han verkar engasjert for miljø og ungdom

Eirik Hovstad fekk eit godt inntrykk av heidersgjesten.

– Kronprinsen er ein hyggeleg mann og verkar engasjert for miljø og ungdom, seier Hovstad.

Hofstad prata med kronprinsen om kva ein kan gjere for miljøet, og kva dei kan gjere på skule med blant anna kjeldesortering.

Dei snakka om kor vanskeleg det var å få med seg folk på dei enklaste ting.

– Det må ein omstilling til i samfunnet, seier Hovstad.

Då kronprinsen kom til Bremuseet heldt han ein tale. Noko av det første han gjorde var å trekkje fram prosjektet Grøn skule.

– Eg syns det er veldig fint at han merker seg det, og tok det med i talen, seier Øvretveit.

Evi Susann Skeide

Kronprinsen blei møtt av tre born langs vegen med plakatar om breen. Her er Evi Susann Skeide i sognebunad. – Eg er veldig spent. Har aldri møtt kronprinsen før.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Vi gjere skulen grønare

Grøn skule er eit nytt prosjekt der lærarar og elevar ved Firda vgs vil gjere meir for det grøne skiftet. Det vil dei gjere ved å bidra med meir kunnskap og få klima og miljø på dagsorden.

– Vi har sette i gang med å løfte klima og miljø som tematikk ikkje berre på vår vidaregåande skole, men vi drog med oss alle grunnskolane og barnehagane i kommunen, seier lærar ved skulen Martin Eikeset Koren.

Firda vgs. utviklar eit heilt nytt programfag kalla Klima- og miljøfag.

– Det er fint at målet for faget er å gjere oss litt meir i stand til å bruke den kunnskapen vi har i praksis, og vere meir miljøvennleg, seier Øvretveit.

Ho har opplevd at det blir snakka veldig mykje om klima og miljø, og at det kan vere så mykje at ein blir litt handlingslamma. Men no er ho glad for at ho kan få meir kunnskap som ho kan bruke.