Hopp til innhold

Kronprinsen møtte ras-råka familiar: – Klimaendringane får dramatiske konsekvensar

JØLSTER (NRK): Kronprins Haakon er uroa over at klimaendringane fører til meir skader. Tysdag møtte han familien som enda ikkje har flytta heim etter rasa i Jølster i sommar.

Kronprins Haakon vitja i dag rasråka i Jølster.

STERKT MØTE: Sindre Iman og Marie Slåtten tok imot kronprins Haakon heime på garden på Slåtten i Jølster.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Marie Slåtten og Sindre Iman tok med seg ungane til eit sterkt møte med kronprinsen tysdag. Dei opplevde at raset gjekk like ved huset deira, og opplever sjølv at det er så utrygt å bu der dei gjer at dei ikkje vil flytte tilbake før området vert rassikra betre.

– Vi føler oss ikkje trygge her, for vi er redde for at det kan gå fleire ras, seier Marie Slåtten til NRK.

Kronprinsen var i området for å opne ein ny flysimulator laga av Reodor-klubben i Førde, og nytta høvet til å besøke den rasråka garden som ligg i nærleiken.

– Det er jo berre marginar som gjer at ikkje fleire menneske vart direkte råka av raset, seier kronprinsen.

– Ikkje usannsynleg

Han kjenner også på uroa knytt til at det stadig oppstår fleire og sterkare episodar med ekstremt vêr i Noreg, gjerne på tider av året der vi ikkje har venta at det skal skje.

– Vi veit jo at det truleg blir meir nedbør og villare vêr på grunn av at klimaet endrar seg og det får jo dramatiske konsekvensar. Så er det ikkje så lett å peike på og seie at akkurat dette skjedde på grunn av det, men at det kjem meir det veit vi. Det er vel ikkje usannsynleg at det har ein samanheng, meiner kronprinsen.

Saman med fleire av bebuarane, som vart evakuerte frå heimen sin etter uvêret i sommar, fekk han i dag sjå korleis øydeleggingane har etterlete spor i Jølster, som det vil ta lang tid å bli kvitt.

For nokre veker sidan vart det arrangert minnestund for mannen i 50-åra som er sakna og antatt omkomen etter å ha vorte teken av ras på sørsida av Jølstravatnet.

Bilen han sat i skal verte henta opp av vatnet 11. November.

Kronprins Haakon på garden Slåtten i Jølster.

RASSTADEN: Marie Slåtten syner kronprins Haakon kvar det store raset gjekk i sommar.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Veldige krefter

Familien på Slåtten håpar no at kronprinsbesøket kan bidra til at det vert retta meir merksemd mot kor viktig det blir å rassikre i utsette område i framtida.

– Ein kan jo håpe det. For eg trur ikkje det vert mindre ut av det, seier Slåtten.

For kronprinsen blei det eit sterkt møte med den råka familien.

– Det har vore veldige krefter i sving det ser vi jo heilt tydeleg. Det er jo forståeleg at ein vert uroleg av det. Det er berre marginar som gjer at dette gjekk på jordet oppe på sletta her i staden for der som folk bur, sa kronprinsen til NRK.

Kronprinsen på opninga av flysimulatoren i Førde

SIMULATOR: Kronprins Haakon stod for den høgtidelege opninga av den nye flysimulatoren til Reodor-klubben i Førde. Etter det reiste han til rasråka Jølster.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK