Hopp til innhold

Kritisk til nye telefonfeil

Post og teletilsynet er kritiske til at det måndag på ny har oppstått alvorlege feil i telefonnettet.

Mobiltelefon

TELEFONKRØLL: NetCom-kundar i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder fekk måndag ikkje kontakt med naudetatane.

Foto: Arnstein Jensen/NRK

– Vi meiner det er betenkeleg at det oppstår slik problem halvannan veke etter at det oppstod sist. Det seier Torstein Olsen, direktør i Post- og teletilsynet.

16. mai var det Austlandet som vart råka. I morgontimane måndag oppdaga Netcom-kundar i både Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder at dei ikkje kom i kontakt med naudetatane

Torstein Olsen, direktør i Post- og teletilsynet

KRITISK: Torstein Olsen, direktør i Post- og teletilsynet.

Foto: Johan B. Sættem

– Ei ulukke kan skje ein gong, men når same ulukke skjer fleire gonger på rad så er det nokon som er tungnæme.

Post- og teletilsynet har no bede operatørane om ytterlegare rapportering etter det som har skjedd.

Brot i fiberkabel

Problema denne gongen var brot i ein fiberkabel hjå Telenor, som gjekk ut over kundane til NetCom.

– Eg kan godt forstå at folk lurer på kva som skjer når det oppstår slike feil med berre halvannan veks mellomrom. Det seier Torild Uribarri som er leiar for Kommunikasjon i Telenor.

– Det som er viktig her at de ikkje er same feilen som sist. Dette er to ulike situasjonar.

Leitar etter årsak

Uribarri seier Telenor hadde eit planlagt arbeid i nettet. Då blir kundane som leiger samband i nettet varsla. Det blei også gjort denne gong slik at kundane kan sørge for ekstra kapasitet.

Torild Uribarri, leiar for kommunikasjon i Telenor

BEKLAGAR PROBLEMA: Torild Uribarri, leiar for kommunikasjon i Telenor.

Foto: Johnny Syversen

– Kvifor dette feila natt til måndag det jobbar vi no saman med NetCom for å finne ut av. Heldigvis blei raskt retta når vi fekk melding om det, slik at sambandet var oppe igjen til klokka 10:40.

– Men er rutinane gode nok når feil som får så store konsekvensar kan oppstå med så kort mellomrom?

I eit telenett vil det alltid kunne oppstå feil. Men vi går no gjennom varslingsrutinane våre. Men ingen av dei andre operatørane opplevde problem, så kvifor dette råka akkurat NetCom sine kundar det må vi analysere nærare.