Hopp til innhold

Kritisk til måten saka blei handtert på

Etter at ein 32 år gamal mann vart arrestert og sikta for drap på Monika Sviglinskaja (8), rettar no bistandsadvokat kritikk mot måten saka har blitt handtert på.

Stig Nilsen

LETTA: Stig Nilsen seier klienten hans er letta etter at ein mann vart arrestert og mistenkt for drapet på Monika Sviglinskaja (8) i 2011.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Monika Sviglinskaja

Monika Sviglinskaja (8) vart funne død i heimen sin på Steinsland i Sund kommune.

Foto: Privat

– Det har vore frykt for at bevis skulle gå tapt. Det er vanskelegare å oppklare ei sak jo lenger tid det har gått, seier Stig Nilsen som er bistandsadvokat for mora til Monika Sviglinskaja (8).

Han seier at dei no vil vente på og følge med på den etterforskinga som må gjerast. Tre år har gått sidan Monika var funnen død.

Han seier frykta har mest gått ut på at bevis skulle forsvinne, og han vil ikkje kommentere noko om personen som er arrestert.

– Veldig letta

Politiet har tidlegare konkludert med at dødsårsaka var sjølvdrap, medan saka no er koda om til drapssak.

Då den ein 32 år gammal mann vart arrestert og sikta i saka denne veka, kom dette overraskande på mora til Monika.

– Min klient er veldig letta, og ho er også veldig overraska. Ho hadde ikkje venta nokon utvikling, for me hadde ikkje fått nokon indikasjonar på at det skulle komme, seier Stig Nilsen.

Bistandsadvokaten seier retninga saka har tatt er til glede for klienten hans.

– Ho er glad i den forstand ein kan uttrykke glede. Ho er glad saka er komme dit den er komme no, og dette er også i tråd med dei påstandane min klient har hatt tidlegare, seier Stig Nilsen.

Har meldt politiet

Politiet har tidlegare vore heilt sikre i sin konklusjon om at det dreia seg om sjølvdrap. Saka blei lagt bort av politiet i 2012, men var tatt opp att i mai i år.

– Ut frå ein slik sikker konklusjon er den utviklinga som har skjedd no overraskande, seier Stig Nilsen.

At saka kunne blitt lagt bort for godt ser Nilsen som alvorleg.

– Difor er det også seint ein melding til Spesialenheten, og dei er den rette instansen til å vurdere dei tilfella som er påpeika der, seier han.

Imponert over Kripos

Stig Nilsen seier han har blitt overraska i måten saka har blitt handtert av politiet.

– Me har ikkje fått nyanserte opplysningar undervegs, om det er mogelegheiter, men at det ikkje er sikre opplysningar, seier Nilsen.

Kripos vart i år kopla inn i saka i mai i år, og Nilsen er imponert over arbeidet som har blitt gjort etter dette.

– Det har vore veldig bra, for dei har hatt tillit frå første stund dei kom inn i saka, og etablerte kontakt, seier Nilsen.

– Dei har sagt det dei kunne seie undervegs, og har forklart kva tid me kunne forvente nye opplysningar, seier han.