Kritisk skadd etter MC-ulukke

Ein mann i 40-åra frå bergensområdet ligg kritisk skadd på Haukeland etter ulukka ved Kjøs i Hornindal måndag. Det melder Fjordingen. Mannen var førar av ein motorsykkel som var på veg sørover frå Hornindal då han krasja med ein personbil. Politiet har rutinemessig teke mellombels beslag av førarkortet til bilføraren.

Trafikkulykke ved Kjøs bru
Foto: Bengt Flaten / Fjordingen