Hopp til innhold

Kritisk mangel på farmasøytar

Mangel på farmasøytar kan føra til nedlegging av apotek i distrikta, meiner fleire apotekkjeder. No ber dei om at det blir utdanna fleire farmasøytar.

Mangel på farmasøytar kan føre til nedlegging av apotek i distrikta. Det meiner fleire apotek-kjeder. No ber dei om at det blir utdanna fleire farmasøytar.

ETTERTRAKTA: Meliza Ivanovski og Milos Milankovic er begge frå Serbia, men valde å flytta til den vesle kommunen Fusa i Hordaland for å jobba. Der redda dei apoteket frå å bli lagt ned.

Norske apotekkjeder søker etter farmasøytar over heile Europa. Det er strenge krav til språk og utdanning. Dei fleste som vil og kan komma til Norge vil helst bu i ein by.

– Det var utfordrande å flytta til ein liten plass. Eg har vakse opp i ein storby, så det var ei stor avgjerd for meg, seier farmasøyt Milos Milkanovic frå Serbia.

To serbarar sørger for at folk i Fusa i Hordaland får medisinen sin. Det krev leiting å finna dei som vil flytta til ein norsk distriktskommune.

– Utfordringa med distrikta er at det vanskeleg å få tak i folk. Konsekvensane av å ikkje ha farmasøytar i apoteket er jo at me må lukka, seier Mette Aune, regionsjef i Vitusapotek.

– Nettapotek vil sikra dekning

Men departementet er ikkje uroa over at apotek kan bli lagt ned.

– Eit viktig tiltak er at me no kjem med nettapotek. Det vil betre apotekdekninga over heile landet. Det vil vera spesielt viktig for dei som bur i distrikta at ein kan bestilla legemiddel heimanfrå, seier Statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet, Cecilie Brein-Karlsen.

Ho peikar på at det stadig vert oppretta nye apotek i landet.

– Det kjem 30 nye apotek kvart år, og det er over 800 apotek i heile landet. Det vert stadig etablert nye. Så me er ikkje uroa over apotekdekninga.

Cecilie Brein-Karlsen

NOK APOTEK: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Cecilie Brein-Karlsen, ser ikkje behovet for å utdanna fleire farmasøytar.

Foto: NRK

Bør utdanna fleire

Det har dei siste åra blitt stadig fleire stillingar for farmasøytar. Bransjen meiner at situasjonen no viser at det må bli oppretta fleire studieplassar for yrket.

– Det vert utdanna for få farmasøytar her i landet til å dekka det behovet som er. Arbeidsplattforma vert større, og det vert stadig etablert nye apotek. Då må me til utlandet for å henta inn folk, noko som er alt anna enn enkelt, seier Aune.

Mette Aune

MANGELVARE: Regionsjef i Vitusapotek, Mette Aune fortel at dei har store vanskar med å få tak i nok kvalifiserte personar til å jobba i apoteka deira.

Foto: NRK