Hopp til innhold

Kritiserer behandling av nyfødde: – Ikkje godt nok dokumentert

Nasjonal kompetanseteneste for amming anbefaler klipping av stramt tungeband hos nyfødde i ny rettleiar. Overlege Hallvard Reigstad meiner behandlinga er for dårleg dokumentert.

Klinikkoverlege Hallvard Reigstad

OVERLEGE: Hallvard Reigstad er seksjonsoverlege ved Barne-og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Eit barn med stramt tungeband kan få problem med å die. Behandlinga kan bestå i å klippe eit lite snitt i tungebandet som bind tunga og munngolvet saman.

Seksjonsoverlege ved Barne-og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus, Hallvard Reigstad meiner derimot at effekten av klippinga er for dårleg dokumentert.

– Å bygge ein nasjonal rettleiar på eit slikt tynt dokumentert grunnlag, det burde ikkje gå an, seier han.

I eit innlegg i BT den 3. juli, kritiserte han bruk av uvitskaplege metodar i behandling av spedbarn med dieutfordringar.

Blant anna peikar han på Nasjonal kompetanseteneste for amming (NKA) sin rettleiar om stramt tungeband hos nyfødde.

Rettleiaren er meint for helsepersonell og er skrive av ei arbeidsgruppe der alle helseregionane er representert. Rettleiaren skildrar korleis symptomgivande stramt tungeband skal diagnostiserast og behandlast.

Ifølge Reigstad har det vore ein aukande tendens til å forklare problem med å die med stramt tungeband hos barnet. Han fryktar råd om ulike behandlingar tar fokuset vekk frå å gje god ammehjelp.

– Etter mi meining blir det i altfor stor grad vektlagt at tungeband er ein viktig årsak til problem med å die, medan det ofte er andre problem som bør rettast opp, før ein ser på tungebandet.

Overlege Hallvard Reigstad

KRITISK: Overlege Hallvard Reigstad er kritisk til at det blir laga ein rettleiar om amming på det han meiner er for svakt vitskapleg grunnlag.

Foto: Tone Berge / NRK

Svarar på kritikken

Solveig Holmsen, lege og medisinsk rådgjevar i NKA, var med i arbeidet med rettleiaren, og er ueinig i kritikken frå Reigstad.

– Det stemmer ikkje at det er udokumentert behandling å klippe tungeband hos spedbarn med symptomatisk stramt tungeband og problem med å die, seier Holmsen som er doktorgradsstipendiat og forskar på stramt tungeband.

Ifølge Holmsen er det mange studiar som tydar på ein effekt, der barna som fekk behandling, opplevde betring av problema med å die etter at tungebandet var klipt.

Ho seier FHI, Norsk barnelegeforening og Ammehjelpen er blant dei som støttar at det er laga ein veileder på temaet.

– At forskinga ikkje er av beste kvalitet, betyr ikkje at behandlinga ikkje hjelper. Sjølv om det ikkje er mange gode og store studiar med langtidsoppfølging av spedbarn med stramt tungeband, er det absolutt nok kunnskap til å kunne gi ei svak anbefaling, seier ho.

Illustrasjonsbilde av en mor som ammer sin lille sønn.

AMMING: Mange mødrer opplever problem med amminga etter fødsel.

Foto: Frank May / NTB scanpix

– Ville samle kunnskap

Overlege ved Sykehuset i Vestfold, Rønnaug Solberg leia arbeidsgruppa for rettleiaren om stramt tungeband.

– Vi ønska å samle kunnskap om symptomgivande stramt tungeband for å kome fram til kva som er bra å gjere når vi skal diagnostisere og behandle det.

Solberg er også bekymra for at behandling med tungebandsklipping ser ut til å vere aukande.

– Litt av bakgrunnen for å lage rettleiaren var å ha nokre retningslinjer for når det er grunn til å behandle, slik at barna som treng det, får rett hjelp.

Overlege Rønnaug Solberg.

KUNNSKAP: Ifølge Rønnaug Solberg var målet bak å lage ein rettleiar om stramt tungeband, å samle kunnskap om tilstanden.

Foto: PRIVAT

Er det problematisk at ein nasjonal rettleiar anbefaler behandling der effekten ikkje er godt nok bevist?

– Eg oppfattar ikkje at vi anbefaler det, men at vi er opne for at nokre kan ha nytte av slik behandling, seier Solberg.

Ho er tydeleg på at klipping av tungebandet ikkje skal vere ei lett løysing, men at god diehjelp må kome fyrst.

– Ein skal ikkje klippe tungebandet berre fordi det er stramt, men fordi barnet har symptom som gjer det vanskeleg for dei å få i seg morsmjølk. Det vere seg nedsett tungerørsle og problem med å etablere sugetak.