Hopp til innhold

Topptrente Kristin vart råka av kreften - no vil ho hjelpe andre sjuke til betre form

OSLO (NRK.no): 32 år gamal fekk topptrente Kristin Øygard frå Sogndal den fryktelege beskjeden om at ho hadde fått kreft og at ho kanskje ikkje kom til å overleve.

Topptrente Kristin Øygard vart råka av kreft. No vil ho gje andre alvorleg sjuke inspirasjon til trening.

ALVORLEG SJUK: Tøffe behandlingar med cellegift og stråling måtte til for å klare å ta knekken på kreften som råka Kristin. Foto: Tore Amundøy/Tonje Skinnes/Geir Bjarte Hjetland

Det er tidleg vår i hovudstaden. I ein liten park på Briskeby sit Kristin på ein benk og fortel. Smilet, og håret, er kome tilbake.

I byrjinga hadde eg veldig lyst å vite kvifor eg hadde fått denne kreften. Det var ingenting i statistikken som eg leste rundt denne krefttypen som passa til meg.

Kristin Øygard

Endeleg kan ho sjå tilbake på åra der ho kjempa ein kamp mellom liv og død. Sogndalsjenta overlevde lymfekreften. No vil ho bruke kreftene på å overtyde andre kor viktig fysisk trening er, også for dei som er alvorleg sjuke.

– Eg har jo kjent på kroppen heile livet korleis det er å vere aktiv, og eg levd jo eit sunt liv. Så fekk eg beskjeden om at eg hadde kreft, og det var jo eit slag i trynet der og då.

Ville forstå kvifor

– Kva tenkte du då du fekk beskjed frå legane om at du var sjuk?

– Eg tenkte berre på kva eg hadde gjort gale, eg hadde jo berre vore aktiv og levd eit veldig sunt og aktivt liv. Så det kjennast veldig rart at eg skulle trekkje det kortaste strået.

Då ho fekk den vonde beskjeden om at ho var råka av ein type lymfekreft som stort sett råka folk over 50, og mellom anna folk med svekka immunforsvar og sjeldne medfødde sjukdomar.

– Ingenting av dette stemte for meg då eg fekk diagnosen. I byrjinga hadde eg veldig lyst å vite kvifor eg hadde fått denne kreften. Det var ingenting i statistikken som eg leste rundt denne krefttypen som passa til meg. Så var eg på eit føredrag ein gong, der var det ein lege som sa at den største grunnen til at ein får kreft er uflaks. Til slutt så tenkte eg at det kanskje var greitt å ikkje vite og forstå kvifor akkurat eg hadde blitt råka.

Delte tankane med andre

Frå å vere instruktør og kursleiar i Friskis & Svettis-rørsla i Oslo, vart livet brått snudd heilt på hovudet for Kristin. Der ho før trente betre og hardare enn dei fleste, vart sjølv den minste turen til postkassa ei utfordring.

Det var jo ein veldig alvorleg kreftsjukdom, så eg visste ikkje om eg skulle overleve dette. Då var det endå viktigare å motivere seg til å trene, ikkje minst fordi eg ville halde hovudet oppe

Kristin Øygard

– Då eg var veldig, veldig sjuk, og ikkje visste om eg skulle overleve, fekk trening brått ein ny dimensjon. Eg likar å hoppe, sprette og sveitte. Men brått blei definisjonen på trening noko heilt anna. Berre det å kome seg frå a til b vart ei treningsøkt eller å gå ein kort spasertur vart ei treningsøkt.

Etter ei stund valde ho å dele dei tunge tankane og dei tøffe utfordringane krefte gav med andre. Gjennom bloggen sin ville ho også finne motivasjon til å stå gjennom cellegift og stråling. Men like viktig blei dei små treningsøktene, det å kjenne at kroppen trass alt fungerte litt og litt betre.

– Det var jo ein veldig alvorleg kreftsjukdom, så eg visste ikkje om eg skulle overleve dette. Då var det endå viktigare å motivere seg til å trene, ikkje minst fordi eg ville halde hovudet oppe. Det var den beste terapien for meg, og jobboppdraget mitt kvar dag var å kome meg ut. Det redda meg psykisk, seier Kristin og klappar den vesle mopsen som no har blitt hennar beste turkamerat.

Kristin Øygard

NYTT LIV: Kristin Øygard har levd av og for fyisk trening heile livet. Då lymfekreften råka ho, ville ho ha svar på kvifor akkurat ho blei sjuk. Rein uflaks, sa legane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Deler humor og glede

Hunden Dita vil for alltid vere lukkeleg uvitande om at matmor for berre få år sidan kjempa sitt livs kamp for å overleve. Og i vårsola på Frogner er det ingen spor å sjå etter den fryktelege sjukdomen.

– Kvar gong eg skulle inn på kontroll, så gjekk rullegardina litt ned og eg tenkte mykje. Men så blei eg sterkare for kvar gong og hadde større trua på at no er eg faktisk frisk. Den dagen ein blir frisk så har ein ei forventning at ein skal bli så innmari glad. Men den gleda eg forventa kom ikkje, eg fall eigentleg berre saman som ein potetsekk fordi ein har mobilisert kreftene så lenge.

8. mars var det fire år sidan Kristin blei frisk. Saman med sambuaren, jazzmusikaren Dave Edge, har dei sett seg nytt bu. Humoren og gleda dei imellom skal ikkje lenger delast av den uvelkomne sjukdomsfienden.

Etter sjukdomen så er det ikkje lenger ein sjølvfølge for meg at eg har lunger som fungerer og eit hjarta som slår. Det å kjenne på det no etter at eg blei frisk er jo ei heilt fantastisk gåve

Kristin Øygard

– Etter sjukdomen så er det ikkje lenger ein sjølvfølge for meg at eg har lunger som fungerer og eit hjarta som slår. Det å kjenne på det no etter at eg blei frisk er jo ei heilt fantastisk gåve. Eg angrar aldri på at eg har trent, det er den beste starten på dagen. Det er noko heilt spesielt, anten ein har vore sjuk eller ikkje.

Gjev mykje av seg sjølv

I dag er det Diabetesforbundet som får nyte godt av Kristin Øygard sin kompetanse, men ikkje minst iver i å gje noko attende til andre som er i ein vanskeleg sjukdomssituasjon.

– Den jobben er jo i seg sjølv veldig motiverande. Der jobbar eg med fysisk aktivitet for grupper av menneske som har kronisk sjukdom i form av diabetes. Og då er jo trening, kosthald og gode levevanar viktige moment. Skal ein finne lukka i livet, så må ein bli motivert av kvarandre. Og det at eg får lov å bidra og påverke nokon i deira liv er fantastisk, seier Kristin og smiler.

Ho bidreg til å byggje opp likemennsgrupper, der personar med diabetes eller dei som ikkje ønskjer diabetes møtes for å trene, men kanskje like viktig; vere sosiale, og ei styrke for kvarandre. Rett og slett vere saman for betre levevanar.

– I denne jobben er det viktig for meg å ha den erfaringa i bagasjen gjer at eg kan gå inn og skjønne mykje meir korleis det er å ha ein alvorleg sjukdom. Eg har på ein måte mastergrad i min eigen psyke som kjem godt med. Eg kan bruke den erfaringa eg har til å nå fram til andre med ein bodskap.

Livstidsmedlemskap i naturen

I parken på Briskeby spretter Kristin brått opp og krev at NRK sin utsende blir med på ein runde med knebøy.

– Gjer dette kvar dag! Vi har livstidsmedlemskap i alt det naturen rundt oss har å by på. Vi må ikkje gjere ting så avansert, det største treningssenteret ligg alltid rett utanfor dei eiga stovedør, formanar ho og ler.

At dørstokkmila er høg for dei fleste som blir råka av ein alvorleg sjukdom er ho klar over. Difor vonar ho at ho sjølv kan vere med og bidra til at fleire klarer å ta steget vekk frå sofaen.

Eg tenkjer at det er du sjølv som må setje forventninga til ditt eige liv. Det å bry seg som kva alle andre tenkjer om ditt eller datt, er ganske så uvesentleg og energitappande

Kristin Øygard

– Eg tenkjer at det er du sjølv som må setje forventninga til ditt eige liv. Det å bry seg som kva alle andre tenkjer om ditt eller datt, er ganske så uvesentleg og energitappande. Vel ut kva kampar du vil ta i kvardagen, og vel det som gjev mest ro for deg. Ein må minne seg sjølv på desse tinga, elles blir det vanskeleg.

– Invester i den gode tida

Ute på plenen har mopsen Dita blitt eit ynda koseobjekt for eit lite barn, Kristin smiler og seier at den vesle jenta sjølvsagt kan få klappe.

– Livet mitt er veldig, veldig bra no, samanlikna med før kreften og midt under kreften. Ein får perspektiv på alt. Det er det som bitter oss i hop. Vi har fått delt ut dette eine livet, då er det så dumt å gå rundt og streve. Ein lyt investere i den gode tida, når ein samstundes ser at livet berre fyk forbi. Dette må ein minne seg sjølv på konstant, seier 37-åringen frå Sogndal.

Å jobbe med seg sjølv og minne seg sjølv på dei gode tinga er viktig, meiner Kristin og slår fast at livet trass alt går opp og ned heile tida, også etter kreften.

– Det er viktig å finne ut kva som er verd å bruke tida på og ikkje, seier ho.

Det er på tide å bryte opp frå den idylliske parken i hovudstaden, no vil Kristin og Dita heim til sambuar Dave. Før ho igjen skal ut på nye treningsøkter. Kreften er historie, og det skal den bli verande.

– Trening er i alle fall den beste medisinen for meg. Og det er så lite som skal til. Det er berre bitte små grep som skal til, alle treng ikkje å gå Birken, avsluttar ho.

Kristin Øygard

GÅR VIDARE: Kristin Øygard saman med mopsen Dita i ein park på Briskeby på Frogner i Oslo. Livet går vidare, fire år etter friskmeldinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK